(Foto: TORILL MYREN)

Foto: TORILL MYREN

Opp mot 90 mistar jobben – dei fleste tidlegare Rem-folk

Rundt 90 av sjøfolka som jobbar i Solstad Offshore skal denne veka ha blitt oppsagde. Dei fleste av dei kjem frå det tidlegare Rem Offshore i Fosnavåg. Det skriv Vestlandsnytt i dagens papirutgåve.

Skudeneshavn-reiarlaget la Rem Offshore under seg, og på halvanna år er 800 forsvunne frå Solstad og Rem, opplyser sysla.no.

Ein av dei tilsette fortel til Vestlandsnytt at rundt 90 tilsette har fått oppseiing, og dei aller fleste kjem frå det som heitte Rem Offshore. Viseadm. dir. Sven Stakkestad i Solstad Offshore ASA har ingen kommentar til avisa.

Farstad går sammen med Kjell Inge Røkke og John Fredriksen

Farstad Shipping med ny kriseplan som gir Røkke og Fredriksen kontroll med rederiet.

Stakkestad seier til sysla.no at det ikkje er fullt 90 som blir oppsagd.

Etter å ha sikra seg kontroll i Farstad ønskjer Kjell Inge Røkke og John Fredriksen å slå selskapet saman med Solstad Shipping og Deep Sea Supply i eit nytt kjempereiarlag.

Solstad har ifølgje Opplagsregisteret 23 skip i opplagsbøyene, mens 9 ligg i opplag frå det som var Rem-flåten. I august 2015 melde Solstad at dei ville seie opp 300 av sine 1600 tilsette. Rem-sjef Åge Remøy skulle samstundes fjerne 33 av 500 tilsette i Fosnavåg-reiarlaget.

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Ni får reise frå Murmansk i dag

Ni av mannskapet på den arresterte reketrålaren Remøy i dag startar på heimreisa.

Reketrålar frå Herøy ligg framleis i Murmansk og ventar på å få sleppe fri

Milliontap for «Remøy»

Den fastlåste situasjonen for reketrålaren «Remøy» er dramatisk. Mannskap og reiarlag taper ein halv million kroner i fangstinntekter per dag.

Remøy i russisk arrest skal få nytt mannskap

Organisasjonen Fiskebåt jobber for å bytte ut deler av mannskapet på reketråleren Remøy. Den har ligget i Murmansk siden 10. mai da den ble tatt i arrest.

Person skadd i ulykke

Naudetatane rykker ut til Drageskaret i Sande kommune.