Arkiv.
(Foto: Staale Wattø)

Arkiv. Foto: Staale Wattø

Stakk mann i magen med kniv

Ei kvinne knivstakk ein mann i magen seint laurdag kveld. Tilstanden til mannen er stabil.

Mannen, som bur på søre Sunnmøre, vart flogen med helikopter til Ålesund sjukehus seint laurdag kveld.

Han har lette skadar, og tilstanden er stabil, ifølgje Helse Møre og Romsdal.

Politiet fekk melding om hendinga like etter klokka 23 laurdag kveld. Kvinna er tatt med til arresten, opplyser politiet på Sunnmøre.

Det er venta at mannen blir utskriven frå sjukehuset søndag morgon.

Slo først

Mannen er samtidig mistenkt for å slå henne først, opplyser politiet.

– Han blir politimeldt for kroppskrenking mot henne, mens ho blir politimeldt for kroppsskade mot han, seier operasjonsleiar Sindre Molnes i Møre og Romsdal politidistrikt til NTB.

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå: