Per Sævik.
(Foto: Staale Wattø)

Per Sævik. Foto: Staale Wattø

Foreslår ny styreleiar i Havila Shipping

Per Sævik ønskjer å trappe ned.

Smp.no oppdaterer

Jostein Sætrenes er foreslått som ny styreleiar i Havila Shipping ASA for ein periode på eitt år. Det går fram av selskapet si innkalling til ordinær generalforsamling 9. mai.

Eigar og styreleiar Per Sævik (76) fortel til Sunnmørsposten at han har bestemt seg for å trappe ned.

– Frå mi side har dette vore planlagd dei siste månadane, seier Per Sævik til Sunnmørsposten og utdjupar:

– Dette er noko som har vore bestemt sidan vi fekk på plass refinansieringa av selskapet, seier han.

Det var i desember at også obligasjonseigarane i Havila Shipping godkjende kriseplanen for restrukturering av reiarlaget.

Ikkje berre alder

Sævik er 76 år, men det skal vere fleire grunnar til at han ønskjer å gå av.

– Det har for så vidt med alder å gjere. Men det har også å gjere med at selskapet kom opp i eit økonomisk uføre der vi surra bort verdien til aksjonærane og delar av gjelda til bankar og obligasjonseigarar. Det er ikkje unaturleg at styreleiaren tar konsekvensen av at selskapet kom ut i det økonomiske uføret, sjølv om det ikkje var eineståande for Havila Shipping, seier Per Sævik.

– Har du følt press frå bankar eller andre til dette?

– Definitivt nei. Det er ikkje ei stemme som har tatt til orde for dette som eg er kjend med.

Sævik har ei rekke styreverv, mellom anna er han styremedlem i Fjord1 AS. Sjå oversikt her (ekstern side).

Nytt styremedlem

Tre av dagens styremedlemmer er foreslått å halde fram. Dette er Hege Sævik Rabben, Helge Aarseth og Nina Skage.

Jogeir Romestrand, som i dag er leiar av nominasjonskomiteen, er foreslått som nytt styremedlem.

Han som truleg blir ny styreleiar, Jostein Sætrenes (52), er i dag adm.dir. i Shipsinvest AS, som held til i Ulsteinvik. Han har meir enn 30 års erfaring frå oljeservicebransjen. Han har vore styremedlem ved ei rekke reiarlag og verft, inkludert Havyard Leirvik og ulike selskap i Havila og Bourbon, går det fram av innkallinga til generalforsamlinga i Havila Shipping.

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå: