«Olympic Challenger».
(Foto: Olympic Shipping)

«Olympic Challenger». Foto: Olympic Shipping

Herøy-båt redda dykkar

Mannskapet på «Olympic Challenger» redda søndag ein kamskjeldykkar ved Orknøyane.

Ifølgje BBC vart det slått alarm like over klokka 14 søndag etter at kamskjeldykkaren ikkje kom tilbake til dykkarbåten sin i tide.

Nett.no skriv at «Olympic Challenger» var ved Orknøyane på eit oppdrag for European Marine Energy Center – eit forskingssenter innan bølgjekraft.

Dykkaren skal ha blitt oppdaga etter å ha lege i sjøen i to timar. Han var då fem engelske mil – rundt åtte kilometer – unna sin eigen dykkarbåt «Courage».

Mannskap på Olympic Challenger» rykte ut med ein hurtiggåande redningsbåt. Dykkaren skal ha vore i god form etter berginga.

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Ni får reise frå Murmansk i dag

Ni av mannskapet på den arresterte reketrålaren Remøy i dag startar på heimreisa.

Reketrålar frå Herøy ligg framleis i Murmansk og ventar på å få sleppe fri

Milliontap for «Remøy»

Den fastlåste situasjonen for reketrålaren «Remøy» er dramatisk. Mannskap og reiarlag taper ein halv million kroner i fangstinntekter per dag.

Remøy i russisk arrest skal få nytt mannskap

Organisasjonen Fiskebåt jobber for å bytte ut deler av mannskapet på reketråleren Remøy. Den har ligget i Murmansk siden 10. mai da den ble tatt i arrest.

Person skadd i ulykke

Naudetatane rykker ut til Drageskaret i Sande kommune.