Adm.dir Ståle Rasmussen i Kleven under båtdåpen av «NKT Victoria» onsdag.
(Foto: Kleven)

Adm.dir Ståle Rasmussen i Kleven under båtdåpen av «NKT Victoria» onsdag. Foto: Kleven

Døypte «NKT Victoria»

Herøy-reiarlaget Remøy Management har bemanna den 140 meter lange kabelleggjaren som vart døypt i dag.

Med ei bemanning på rundt 50, ein del frå Sunnmøre, skal kabelleggjaren «NKT Victoria» no i arbeid. Herøy-reiarlaget Remøy Management står for bemanning og drift av fartøyet. 2.300 søkte om jobb på skipet

– Båten fungerer utmerkt, veldig bra arbeid av Kleven og byggeteamet. Under dåpen pågjekk lasting av kablar til første prosjektet, som er utanfor Skotland, seier adm.dir Even T. Remøy i Remøy Management til Sunnmørsposten.

– Og det var ein storstilt dåp med mykje folk, fleire hundre, og med musikk av marinekorpset. Fleire hundre var også om bord i fartøyet, fortel Remøy.

Erfaring frå offshore

Skipsdåpen var lagt til NKT Cables sin fabrikk for høgspentkablar i Karlskrona i Sverige.

Det 140 meter lange skipet har innreiing for 100 personar, og skal vere eit av den mest avanserte kabelleggingsfartøya i verda. Teknologi frå offshorebransjen er henta inn for å gjere kabellegginga meir effektiv og med større presisjon, heiter det i ei pressemelding frå NKT.

Fartøyet kan legge både høgspentkablar og fiberoptiske kablar.

Remøy Management driftar 11 fartøy. Fem av desse eig Remøy Management-gruppa sjølv.


Milliardskip på prøvetur med nye farger

Kabellegger fra Kleven har fått nye farger og er på sin første prøvetur.

«NKT Victoria»
(Foto: Kleven)

«NKT Victoria» Foto: Kleven

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Hei, har du sett mange som meg i det siste?

Derfor ser du så mykje grågås!

– Nokre stadar har forholda vorte heilt ideelle for grågåsa, svarar Alv Ottar Folkestad til folk som reagerer på mykje grågås.

Superyacht frå Kleven:

Har du kring ein halv milliard til overs?

Den Kleven-bygde yachten Ulysses er framleis for sal eit år etter den blei lagt ut. Designaren trur ikkje eigaren er bekymra og peiker på at marknaden for utleige er stor.

Millioner til rydding av plast

Regjeringen deler ut ytterligere 25 millioner kroner til organisasjoner som vil rydde kysten for plast. Polarinstitutt-forsker mener mye arbeid gjenstår.

Herøy-ordførar sjukmeld

Ordførar i Herøy kommune, Arnulf Goksøyr, er sjukmeld på ubestemt tid.

Ytring:

Kunsten å anmelde: Sunnmørsposten skuffer!

Både Sunnmørspostens lesere og Herøy-spelets deltakere fortjener bedre, skriver skuespilleren etter at Sunnmørspostens anmeldte Herøyspelet.

Lysner i offshore

Olympic med langtidskontrakt for subsea-skip

Stig Remøys Olympic Subsea har inngått en langtidskontrakt for skipet Olympic Delta.

– Her var det overraskande mange blekksprutnebb

Dette seier ein marinbiolog etter obduksjonen av ein 7,3 meter lang nebbkval i Herøy i går.