Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Omkom i arbeidsulukke ved verft

Ein 41 år gammal mann omkom i ei arbeidsulukke ved Myklebust verft i Sande kommune onsdag kveld. – Svært leit og pregar oss alle, seier kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund.

– Det er ei fallulykke, og politi og ambulanse er på staden, opplyste operasjonsleiar i politiet, John Bratland, til smp.no ved 23.20-tida onsdag kveld.

Han kunne då ikkje gå ut med meir detaljar om det som hadde skjedd.

Fall over 20 meter

Ved midnatt viste operasjonsleiaren til at saka ville bli oppdatert på politiet sin twitter-konto. Natt til torsdag kom meldinga om at mannen var omkomen.

Politiet i Møre og Romsdal opplyser til NTB at det var ein bulgarsk statsborgar som mista livet då han fall få ei høgde ved ei bedrift i Sande onsdag kveld.

– Ambulansen kom ganske raskt til staden, og det var allereie før ambulansen kom fram stadfesta at mannen var død. Mannen har ramla ned fleire og tjue meter, seier operasjonsleiar Bratland til smp.no torsdag morgon.

Arbeidde med vasking

Mannen arbeidde ved Myklebust verft i Gurskebotn. Ifølgje Bratland har ulukka skjedd i samband med vasking, og mannen arbeidde saman med andre.

Tekniske undersøkingar er ferdige og pårørande er varsla, skriv politiet på Twitter.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 22.45 onsdag kveld.

Stadfestar ulukka

Ved Kleven-eigde Myklebust Verft er dei torsdag prega av ulukka:

– Vi kan dessverre stadfeste at det har vore ei arbeidsulukke ved Myklebust Verft, der ein mann omkom etter fall. Dette er svært leit og pregar oss alle, uttaler kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund i Kleven til Smp.no torsdag morgon.

Ho seier vidare at dei saman med politiet og Arbeidstilsynet arbeider med å få klarheit i kva som har skjedd.

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Reketrålaren Remøy er fri frå arrest

I ei pressemelding blir det opplyst at reketrålaren Remøy frå Herøy er på veg til Tromsø etter drøyt tre veker i arrest.

Omkom i arbeidsulukke

Ein 41 år gammal mann omkom i ei arbeidsulukke ved Myklebust verft i Sande kommune onsdag kveld.

Køyrde i 110 km/t i 60-sone

Ein bilførar mista førarkortet etter å ha køyrt i 110 km/t i ei 60-sone i Herøy.

Havila sikra kontrakt for to nye skip

Havila melder om to nye kontraktar.

Ni får reise frå Murmansk i dag

Ni av mannskapet på den arresterte reketrålaren Remøy i dag startar på heimreisa.

Reketrålar frå Herøy ligg framleis i Murmansk og ventar på å få sleppe fri

Milliontap for «Remøy»

Den fastlåste situasjonen for reketrålaren «Remøy» er dramatisk. Mannskap og reiarlag taper ein halv million kroner i fangstinntekter per dag.

Remøy i russisk arrest skal få nytt mannskap

Organisasjonen Fiskebåt jobber for å bytte ut deler av mannskapet på reketråleren Remøy. Den har ligget i Murmansk siden 10. mai da den ble tatt i arrest.