Eit ambulansehelikopter har landa på riksvegen mellom Herøybrua og Nautøya.
            (Foto: Carl-Henrik Myrseth Moltumyr)

Eit ambulansehelikopter har landa på riksvegen mellom Herøybrua og Nautøya.Foto: Carl-Henrik Myrseth Moltumyr

Kollisjon på Herøybrua

To personar er frakta med helikopter til Ålesund sjukehus etter at ein lastebil og ein personbil kolliderte ved Herøybrua.

Vegen er open for trafikk, opplyser politiet på Twitter klokka 17.51.

To personar vart frakta til sjukehuset i Ålesund etter kollisjonen. Skadeomfanget er ukjend.

Punkterte

Det var ein lastebil og ein personbil som kolliderte.

– Det er stor sannsynlegheit for at lastebilen har punktert, og at den andre bilen prøvde å svinge unna, seier vakthavande operasjonsleiar John Bratland i politiet på Sunnmøre.

Klokka 16.40 kom ambulansehelikopteret til staden, fortel eit augnevitne til smp.no. Også to ambulansebilar kom.

Det vart lange køar i begge retningar, og fylkesveg 654 var stengd.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 16.14.

 
Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Årets Gaselle i Møre og Romsdal

RS-Systems fra Fosnavåg er årets gaselle-bedrift i Møre og Romsdal.

Uavklart for «Sett Sjøbein»

«Sett Sjøbein» er usikre på om dei er med i neste års statsbudsjett.

Mykje torskeyngel i nord

Etter to labre år er det no mykje torskeyngel i Barentshavet, melder Havforskningsinstituttet.

Opsjon for «Havila Clipper»

Mærsk Olie og Gas har, ikkje uventa, erklært seks månaders opsjon for PSV-fartøyet «Havila Clipper», melder Havila Shipping onsdag morgon.