(Foto: Siv-Elin Nærø)

Foto: Siv-Elin Nærø

(Foto: Siv-Elin Nærø)

Foto: Siv-Elin Nærø

(Foto: Siv-Elin Nærø)

Foto: Siv-Elin Nærø

(Foto: Siv-Elin Nærø)

Foto: Siv-Elin Nærø

(Foto: Siv-Elin Nærø)

Foto: Siv-Elin Nærø

(Foto: Siv-Elin Nærø)

Foto: Siv-Elin Nærø

(Foto: Siv-Elin Nærø)

Foto: Siv-Elin Nærø

(Foto: Siv-Elin Nærø)

Foto: Siv-Elin Nærø

(Foto: Siv-Elin Nærø)

Foto: Siv-Elin Nærø

(Foto: Siv-Elin Nærø)

Foto: Siv-Elin Nærø

(Foto: Siv-Elin Nærø)

Foto: Siv-Elin Nærø

(Foto: Siv-Elin Nærø)

Foto: Siv-Elin Nærø

(Foto: Siv-Elin Nærø)

Foto: Siv-Elin Nærø

(Foto: Siv-Elin Nærø)

Foto: Siv-Elin Nærø

(Foto: Siv-Elin Nærø)

Foto: Siv-Elin Nærø

(Foto: Siv-Elin Nærø)

Foto: Siv-Elin Nærø

(Foto: Siv-Elin Nærø)

Foto: Siv-Elin Nærø

(Foto: Siv-Elin Nærø)

Foto: Siv-Elin Nærø

1 / 18

Melding av Herøyspelet «Kongens Ring»:

«Vikingmusikal skuffar»

Vikingdramaet i Herøy innfrir ikkje i år og har altfor mykje overdriving.

«Kongens ring» har bakgrunn i soga om Olav den heilage, og forteljinga er sett til 1027 på øya Herøy. Der har Ragnar Herøyhovding og kona hans Inga valt ut Ingolv Ynda som festarmann til dottera deira, Unn.

Men ei vårnatt forsvinn ho frå øya, bortført av rebellen Møre Karl og hans gjeng Herjungane som herjar i distriktet.

Ut på hausten igjen kjem Møre Karl, Unn og Herjungane tilbake til Herøy for å herje. Då bryt dramaet laust mellom festarmannen, som vil ha Unn, og Møre Karl som meiner Unn er hans kvinne.

I dette dramaet er Inga hemnlysten på Møre Karl og sjølvaste Kong Olav Haraldson, seinare Heilag, dukkar opp. Medan alt av familiedramaet står på, kjem det to trolske sendebod med ein underleg ring.

Alt er altså lagt til rette for eit realt vikingdrama.

Fleire framsyningar denne helga: Gjer klart for den 101. framsyninga

Mykje hoing

Førestillinga begynner med flammar og dramatisk song. Det startar bra med mange slagkraftige effektar, men dessverre skuffar «Kongens ring» i år.

Skodespelet er statisk og replikkane for tilgjorde. Samtidig er det ei veldig hoing gjennom heile spelet som øydelegg mest for opplevinga. Det er greitt nok at ein skal vise at vikingane var barske, men all brølinga og hoinga blir for mykje av det gode.

Førestillinga spelar mykje på mytane om vikingane. Det er for så vidt greitt i det syn at det er underhaldning, men det kan nesten bli på kanten til det parodiske.

Vikingane er tilbake: Møt moderne vikingar anno 2017

Lite nyansar

Forteljinga dreiar seg mykje rundt hemn, og det er ei kjent sak at kvinnene i vikingtida ofte blir framstilte som pådrivarar for hemn.

Husfrua Inga blir framstilt slik og det er ei klassisk framstilling, men det tenar ikkje spelet då det også her blir for mykje av det gode med veldige hemntankar og hemnfølelsar vist i karakteren. Elles har karakterane lite nyansar med berre ein type karakteristikk.

Mykje av forteljinga i «Kongens ring» blir formidla gjennom song og dans, noko som i alle fall leverer på sitt beste.

Fabelaktig tolking av Unn

Sjølv om skodespelet i si heilskap ikkje innfrir, så er det likevel nokre gode lyspunkt.


Katrine Dale, som spelar Unn, gjer ein fabelaktig tolking av Unn. Ho gjer opplevinga av spelet mykje betre med sin song og førestilling.

Det er ein viss humor i spelet også, og det er Hedvig Garshol og Simon Voldsund som står for mesteparten av humoren. Dei spelar trollkvinna Kjerring Bråte og Fe Den synske. Med sin morosame kverulerande dialog seg i mellom hevar dei førestillinga.

Hedvig gjer ein god figur som trollkvinna og får godt fram det trolske i karakteren.

Dugnad, men profesjonelt

Herøyspelet består av mykje dugnad, men har også ein god del profesjonelle aktørar i sving.

Difor skulle ein trudd at spelet hadde ein høgare kvalitet enn det som blir servert i år.