Protest Tarjei Urkedal og Norborg vann i kveld 1-0 borte mot Hareid. Urkedal protesterer her etter å ha fått kampens einaste gule kort av dommar Jan Erik Bratteberg.
(Foto: Einar Orten Trovåg)

Protest Tarjei Urkedal og Norborg vann i kveld 1-0 borte mot Hareid. Urkedal protesterer her etter å ha fått kampens einaste gule kort av dommar Jan Erik Bratteberg. Foto: Einar Orten Trovåg

4. divisjon fredag:

Hødd 2 rykkjer frå

Hødd 2 slo opprykksrival Volda og tek sommarferie sju poeng framfor neste lag på tabellen.

Dei fire siste kampane før sommaren i 4. divisjon gjekk fredag kveld. Det vart berre scora tre mål totalt på desse fire kampane. Og det er ingen tvil om at det er Hødd-leiren som kan smile breiast i kveld.

Avgjorde etter pause

Hødd sine nest beste vann nemleg 2-0 heime mot Volda. Begge måla kom i andre omgang. Gustav Dimmen fann nettmaskene i det 57. minutt, medan Håkon Brautaset scora på straffe sju minutt seinare.

Hødd sine to a-lagsspelarar Sondre Beite og Martin Mork Breivik vart tekne av bana i pausen – truleg med tanke på a-kampen borte mot Hønefoss søndag.

Merk at dette var Volda sitt første tap i 4. divisjon i år. Sjølv om grøntrøyene har levert ein god vårsesong skal det likevel bli tøft å rykke opp no. Avstanden opp til Hødd 2 er nemleg på ni poeng. Det gir neppe Hødd frå seg – eller?

SLIK VAR: Hødd2 - Volda (2-0)

Mållaust på Larsnes

Laget som no ligg nærast Hødd 2 er Bergsøy. Hadde Bergsøy slått naboane Larsnes/Gursken i kveld hadde Herøy-laget berre hatt fem poeng opp til Hødd.

Men Bergsøy, som kom frå sju strake sigrar, makta ikkje å finne nettmaskene på Larsnes stadion. Ifølgje rapportane hadde begge laga fleire gode sjansar, men det enda altså 0–0.

SLIK VAR: Larsnes/Gursken - Bergsøy (0-0)

Ny Norborg-siger

Det er laga frå Søre Sunnmøre som har levert varene i 4. divisjon denne våren. Og dei fem Søre-laga har framleis dei fem øvste plassane på tabellen. Men Hareid klarte ikkje å ta poeng heime mot Norborg denne varme fredagskvelden.

Hareid skapte fleire svært store sjansar, men presisjonen var rett og slett ikkje god. Sist runde var det Hareid som var heldige som vann 2-0 borte mot eit sjansesløsande Rollon. I dag vart det ein «omvendt» kamp for raudtrøyene.

Likevel skal ein ikkje ta frå Norborg noko ære. Dei stod på og spelte klokt gjennom heile kampen. Det er ikkje ulovleg å vere effektive. Målet til Norborg, som vart kampens einaste, kom i det 17. minutt. Per Stian Alvestad scora på ei heading.

Med denne sigeren klatrar Haram-laget frå siste- til 10.-plass. Langevåg, som tapte mot Skarbøvik IF i går, ligg no sist.

SLIK VAR: Hareid - Norborg (0-1)

Meir sjansesløsing

Nest sist finn vi Emblem. Dei spelte i dag 0–0 heime mot Rollon. Sist runde sløste Rollon med sjansane då dei tapte 2–0 heime mot Hareid. Også denne kampen hadde Rollon fleire store sjansar som burde gitt utteljing. Men igjen skorta på effektiviteten. Når det er sagt hadde også Emblem sine store sjansar, mellom anna to i tverrleggjaren i andre omgang.

SLIK VAR: Emblem - Rollon (0-0)

Jamt i botnen

Kor mange lag som rykkjer ned frå 4. divisjon er avhengig av kor mange sunnmørslag som går ned frå den regionale 3. divisjon. Går til dømes eitt sunnmørslag ned frå 3. divisjon, skal to ned frå 4. divisjon (og 5. divisjon).

Per i dag ligg AaFK 2 på nedrykksplass i 3. divisjon. Frys vi tabellane, ligg dermed Emblem og Langevåg under streken i 4. divisjon.

Men når serien kjem i gang igjen etter ferien kan dette forandre seg fort. Det er berre fem poeng frå Langevåg og opp til SIF på sjetteplass.

Sondre Beite og Hødd 2 leiar 4. divisjon etter halvspelt serie. I dag spelte Beite første omgang i 2-0-sigeren heime mot opprykksrival Volda. Arkivfoto: Einar Orten Trovåg

Sondre Beite og Hødd 2 leiar 4. divisjon etter halvspelt serie. I dag spelte Beite første omgang i 2-0-sigeren heime mot opprykksrival Volda. Arkivfoto: Einar Orten Trovåg

Bergsøy, her ved trenar Tony Sandanger, hadde vunne sju strake kampar. Men dei klarte å ikkje å slå naboen Larsnes/Gursken på Larsnes stadion i kveld. Dermed tapte Bergsøy viktige poeng i opprykkskampen. Arkivfoto: Einar Orten Trovåg

Bergsøy, her ved trenar Tony Sandanger, hadde vunne sju strake kampar. Men dei klarte å ikkje å slå naboen Larsnes/Gursken på Larsnes stadion i kveld. Dermed tapte Bergsøy viktige poeng i opprykkskampen. Arkivfoto: Einar Orten Trovåg

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Hei, har du sett mange som meg i det siste?

Derfor ser du så mykje grågås!

– Nokre stadar har forholda vorte heilt ideelle for grågåsa, svarar Alv Ottar Folkestad til folk som reagerer på mykje grågås.

Superyacht frå Kleven:

Har du kring ein halv milliard til overs?

Den Kleven-bygde yachten Ulysses er framleis for sal eit år etter den blei lagt ut. Designaren trur ikkje eigaren er bekymra og peiker på at marknaden for utleige er stor.

Millioner til rydding av plast

Regjeringen deler ut ytterligere 25 millioner kroner til organisasjoner som vil rydde kysten for plast. Polarinstitutt-forsker mener mye arbeid gjenstår.

Herøy-ordførar sjukmeld

Ordførar i Herøy kommune, Arnulf Goksøyr, er sjukmeld på ubestemt tid.

Ytring:

Kunsten å anmelde: Sunnmørsposten skuffer!

Både Sunnmørspostens lesere og Herøy-spelets deltakere fortjener bedre, skriver skuespilleren etter at Sunnmørspostens anmeldte Herøyspelet.

Lysner i offshore

Olympic med langtidskontrakt for subsea-skip

Stig Remøys Olympic Subsea har inngått en langtidskontrakt for skipet Olympic Delta.

– Her var det overraskande mange blekksprutnebb

Dette seier ein marinbiolog etter obduksjonen av ein 7,3 meter lang nebbkval i Herøy i går.