Fe den synske Simon Voldsund (t.v.), kjend frå Vaffelhjarte, hadde rolla som Fe den synske.
(Foto: Siv-Elin Nærø)

Fe den synske Simon Voldsund (t.v.), kjend frå Vaffelhjarte, hadde rolla som Fe den synske. Foto: Siv-Elin Nærø

Kongens Ring:

Færre såg Herøyspelet i år

– Det har vore ei svært vellukka helg, men vi kunne ønskt oss litt meir publikum.

Det seier styreleiar i Stiftinga Herøyspelet, Tor Sindre Steinsvik.

– Samanlikna med i fjor då vi hadde 25-årsjubileum, så var det færre publikummarar i år. Kan hende er det vêret som gjer det, eg veit ikkje, seier Steinsvik.

Sunnmørsposten sin meldar: «Vikingmusikal skuffar»

Det endelege talet på selde billettar var ikkje klart søndag kveld.

Som vanleg var det to framsyningar av Herøyspelet både laurdag og søndag. Laurdag var både vêret og talet på besøkjande betre enn søndag. Nesten 200 aktørar har vore i sving på utescena i Herøy Amfi, 20 av dei er profesjonelle skodespelarar og musikarar.

– Gjorde kjempefigur


Kongens Ring

Gjer klart for den 101. framsyninga

Dei 300 deltakarane i «Kongens Ring» gjer no klart for nye framsyningar. 1. juli er dei i gang med første førestilling.

Tips oss
Ring, SMS, MMS til 95 400 400, epost til nyhet@heroynytt.no.
– Fleire ungdommar som har vore med i Herøyspelet i mange år, har i år gått inn i større roller. 16 år gamle Simon Voldsund gjorde ein kjempefigur som Fe den synske. Det er artig for oss som følgjer med frå utsida, å sjå unge talent vekse seg inn i stadig større roller, seier styreleiaren.

Vikingane er tilbake: Møt moderne vikingar anno 2017

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Hei, har du sett mange som meg i det siste?

Derfor ser du så mykje grågås!

– Nokre stadar har forholda vorte heilt ideelle for grågåsa, svarar Alv Ottar Folkestad til folk som reagerer på mykje grågås.

Superyacht frå Kleven:

Har du kring ein halv milliard til overs?

Den Kleven-bygde yachten Ulysses er framleis for sal eit år etter den blei lagt ut. Designaren trur ikkje eigaren er bekymra og peiker på at marknaden for utleige er stor.

Millioner til rydding av plast

Regjeringen deler ut ytterligere 25 millioner kroner til organisasjoner som vil rydde kysten for plast. Polarinstitutt-forsker mener mye arbeid gjenstår.

Herøy-ordførar sjukmeld

Ordførar i Herøy kommune, Arnulf Goksøyr, er sjukmeld på ubestemt tid.