Eldor Skeide startar i stilliga 1. august. 
            (Foto: Furene As)

Eldor Skeide startar i stilliga 1. august. Foto: Furene As

Ny direktør i Furene As

Eldor Skeide er tillsett som administrerande direktør i Volda-selskapet.

Eldor Skeide tar over etter Hege Karete Hamre, som søkte nye utfordringar etter å ha vore i selskapet i 20 år.

Skeide har vore i Furene sidan 2010. Før det  har han 25 år bak seg som dagleg leiar og administrerande direktør i organisasjonar på Sunnmøre, mellom anna Hødd, Sunnmørshallen og Bohus Møre.

Sidan 2010 har han vore leiar for prosjekt og utvikling i Furene og ein del av den sentrale leiargruppa.

– Eg ser fram til å vere ein tydeleg ambassadør for Furene sitt samfunnsoppdrag, og saman med dyktige medarbeidarar, utvikle Furene vidare som ein profesjonell aktør i levering av tenester og produkt til kundar og lokalbefolkninga på Søre Sunnmøre, seier Eldor Skeide i ei pressemelding.


Historiske kontraktar for Furene

Furene AS har signert kontraktar med NAV tilsvarande 50 millionar med ei varigheit på 4 år.


Furene AS er ei arbeids- og inkluderingsverksemd med hovudkontor i Furene i Volda, og med avdelingar i Ørsta, Ulstein, Herøy og Vanylven. I 2016 fekk over 100 personar løna arbeid gjennom tiltak Furene AS leverer på oppdrag frå NAV.

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Leiteaksjon ved Herøybrua

Redningsskøyte, brannvesen og helikopter i aksjon ved Herøybrua seint laurdag kveld.

Årets Gaselle i Møre og Romsdal

RS-Systems fra Fosnavåg er årets gaselle-bedrift i Møre og Romsdal.

Uavklart for «Sett Sjøbein»

«Sett Sjøbein» er usikre på om dei er med i neste års statsbudsjett.

Mykje torskeyngel i nord

Etter to labre år er det no mykje torskeyngel i Barentshavet, melder Havforskningsinstituttet.

Opsjon for «Havila Clipper»

Mærsk Olie og Gas har, ikkje uventa, erklært seks månaders opsjon for PSV-fartøyet «Havila Clipper», melder Havila Shipping onsdag morgon.

Til sjukehus i helikopter:

Falt under arbeid med brusøyle