– Her var det overraskande mange blekksprutnebb

Dette seier ein marinbiolog etter obduksjonen av ein 7,3 meter lang nebbkval i Herøy i går.

Vi oppheld oss ytst ute i havgapet i Herøy kommune. På slep har vi det som kan sjå ut som tidenes fangst. Ein 7,3 meter lang kval. Det var tysdag at den dreiv i land ved øya Warholmen. Kvalen er av typen northern bottlenose whale- ein type nebbkval, som kan dykke ned til imponerande 1450 meter og bli opp til 12 meter

–Eg var raskt på plass og kontakta med ein gong Runde miljøsenter, for dette tenkte eg var interessant, fortel båtføraren som er opptatt med å manøvrere kvalen inn til land. Føraren av båten er Sigurd Nygård frå Viltnemnda i Herøy. Saman med marinbiologen Christoph

Noever og Runde miljøsenter, er Sunnmørsposten med for å obdusere kvalen.

– Eg heiv meg rundt då eg fekk høyre om kvalen. Dette er ei nokså unik moglegheit til å få studere nebbkvalen sin biologi, forklarer ein ivrig Noever som er marinbiolog ved institutt for biologi på Universitetet i Bergen. Med tidenes gummistøvlar er han saman med Nils Roar Hareide, dagleg leiar for Runde miljøsenter, klar for å skjere hol på kvalen å finne ut kva som er inni.

Tidlegare i år blei ein gåsenebbkval funnet på Sotra. Den hadde 30 plastposar inne i magen.

Denne kvalen er lik gåsenebbkvalen, men er ikkje den same.

– Den held til langt til havs og livnærer seg på same måte. Vi vil obdusere den for å sjå om det kan vere same dødsårsak, forklarer Hareide.

Etter fleire timar med skjering og ein utruleg kvalmande lukt har Noever og Hareide endeleg funnet fram til magesekken og tarmane. Heldigvis er det lite plastikk å finne.

– Men her var det uvanleg mange blekksprutnebb, seier Noever.

Inne i magesekken er det kilovis med masse små nebb. Nebba er restar av blekksprutar. Dei ligg igjen fordi dei tek lang tid å fordøye. Marinbiologen forklarer at nebbkvalen liker blekksprut veldig godt, men at denne kvalen har uvanleg mange blekksprutnebb i magesekken.

– Dette fortel meg ikkje mykje om dødsårsaka. Den er for augeblikket ukjent.

Mot slutten finn vi litt plastikk i kvalen, noko som Hareide meiner er utruleg trist.

– Det viser seg at det er plast her som i dei fleste marine dyr.

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå: