For sal - framleis Ulysses slik den såg ut då den forlot verftet i Ulsteinvik. Innfelt: Skjermdump frå annonsen med bildeserie av korleis yachten ser ut i dag.

For sal - framleis Ulysses slik den såg ut då den forlot verftet i Ulsteinvik. Innfelt: Skjermdump frå annonsen med bildeserie av korleis yachten ser ut i dag.

Superyacht frå Kleven:

Har du kring ein halv milliard til overs?

Den Kleven-bygde yachten Ulysses er framleis for sal eit år etter den blei lagt ut. Designaren trur ikkje eigaren er bekymra og peiker på at marknaden for utleige er stor.

I 2015 fekk newzealandske Graeme Hart overlevert sin første Ulysses-yacth frå Kleven. Etter at han bestilte seg ein ny og litt lengre systeryacht blei den første lagt ut for sal i fjor sommar.

Og den 107 meter lange ekspedisjonsyachten er framleis til sals stadfestar marknadsavdelinga til meklaren Burgess Yachts i London.

I annonsen heiter det at prisen blir opplyst på førespurnad, men smp.no får vennleg avslag på å få vite summen - og korleis interessa for å kjøpe har vore. I staden blir det opplyst at fartøyet har vore leigd ut ein deil til charterturar og liknande.

– Større marknad enn olje- og gass

Marin Teknikk i Herøy designa yachten. Administrerande direktør Svein Rune Gjerde er ikkje sjølv i marknaden for ein slik «skute», men meiner det er vanleg at det tek litt tid: – Men eg veit heller ikkje kva han forlangar og pris vil jo vere avgjerande, seier han. 

Gjerde trur ikkje eigaren uroer seg over at fartøyet ikkje er selt, og peiker på at marknaden for utleige av slike fartøy er stort.

– Det seiast at pengane i omløp her er større enn utleigeinntektene i olje- og gass, seier Gjerde.

(saka held fram under)


Marin Teknikk har fleire yachtjobbar på handa

Men Herøy-bedrifta bad arbeidsministaren om regelendring som kan gi meir jobb lokalt på luksusfartøy.

 

Røkke-skuta blir verdens største yacht

Under ser du "Aazzam" som i dag har status som verdens største yacht på 180 meter. Røkkes nye forskningsskip og yacht blir en meter lenger.


Nummer to snart klar

Forretningsmannen Hart  har også hatt med seg familien ein del om bord på den særs godt utstyrte yachten.

Gjerde håpar likevel at han får selt Ulysses nummer ein, for snart kjem nummer to frå Kleven og Marin Teknikk på vatnet. Den er for tida under utrustning i Tyskland. Der skal den få same finish som den første no har fått.

Skroget blir sparkla og malt slik at det får ein meir luksuriøs utsjånad.


Halv milliard?

Det har tidlegare vore opplyst at prisen frå verftet låg på 300 til 400 millionar, men at den reelle prisen medrekna alt utstyret om bord, ligg godt over ein halv milliard.

Yachten er utstyrt for 60 personar, har ein mannskapsdel som på eit offshore-skip og ein passasjerdel.

Bilda i annonsen viser alt frå den luksuriøs innreiinga med «vinkjellar» og flotte bad, til  «utstyrsgarasjen» med fleire jeepar og motorsyklar og vasskuterar.

(saka held fram under)


Superyachten overlevert fra Kleven

På veg til Tyskland for å få på plass luksusinteriør og utstyr.

Fleire rike yachtturistar til Nordvestlandet

Det er ein trend at det blir fleire turistar som kjem på fjordferie til Nordvestlandet med dyre luksusyachtar.


Skipperen kan styre yachten frå ein såkalla «unified bridge» levert frå Rolls-Royce Marine, truleg den einaste i privat eige.

Fredag var yachten ifølgje AIS-sporinga i Ibizia-traktene.

Sjå bilder av korleis yachten ser ut på Burgessyachts.com (ekstern lenke)

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå: