Grågås Desse grågjæsene held til på Leinøy i Herøy. I løpet av 2–3 veker vil vi sjå mindre og mindre av desse krabatane, då dei reiser sørover.
            (Foto: Bjørnar Torvholm Sævik)

Grågås Desse grågjæsene held til på Leinøy i Herøy. I løpet av 2–3 veker vil vi sjå mindre og mindre av desse krabatane, då dei reiser sørover.Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Voldsund På Voldsund i Herøy er det veldig mange grågjæser. Biltrafikken plager ikkje dei, men om ein prøver å gå mot dei, blir dei redde.
            (Foto: Bjørnar Torvholm Sævik)

Voldsund På Voldsund i Herøy er det veldig mange grågjæser. Biltrafikken plager ikkje dei, men om ein prøver å gå mot dei, blir dei redde.Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Alv Ottar Folkestad  – Grågåsbestanden har blitt meir konsentrert somme stadar. Kanskje er det derfor folk meiner det er så mykje grågås.
            (Foto: Bjørnar Torvholm Sævik)

Alv Ottar Folkestad – Grågåsbestanden har blitt meir konsentrert somme stadar. Kanskje er det derfor folk meiner det er så mykje grågås.Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

1 / 3

Hei, har du sett mange som meg i det siste?

Derfor ser du så mykje grågås!

– Nokre stadar har forholda vorte heilt ideelle for grågåsa, svarar Alv Ottar Folkestad til folk som reagerer på mykje grågås.

Vi kjenner alle til dei fjørkledde krabatane som er avbilda her. Du kan sjå dei på store opne marker, som eit hav av grå dottar. Grågåsa. Dei flokkar seg i hop, beitar ned mark, og legg attende eit minefelt av skit som skaper haudebry for fleire. Av same grunn er det eit spørsmål som svirrar: Kvifor er her så mykje grågås?

Tidlegare

Tilbake i etterkrigstida var det nesten ikkje grågås å sjå på Søre Sunnmøre. Den hadde blitt jakta ned, og bestanden var eit trist kapittel.

Det var då det blei tatt grep. Ein fekk sett inn fredingstiltak og innkjøp av overvintringsområde i Spania.

– Desse tiltaka, saman med oppblomstring av jordbruket på vestlandet, gjorde at vi såg ei kraftig auke av grågås på 70-80-talet. Toppen blei nådd på 90-talet. Sidan tusenårsskiftet har vi hatt god kontroll på bestanden på intensivt driven dyrka mark på Søre Sunnmøre, forklarer Alv Ottar Folkestad, ornitolog.

For å halde kontroll på grågåsbestanden har ein drive skadefelling, jakt og plukka egg.

Grunnen til at ein har haldt grågåsa i sjakk er fordi den er ein konkurrent for andre beitedyr. Spesielt på dyrka mark. Grågåsa er heller ikkje eit effektivt beitedyr. Ho utnyttar dårleg næringa i maten, og legg mykje igjen som skit på marka.

Og vi ser ein del grågås i dag...

– Ja, og det har med omlegging av jordbruket å gjere. Mykje jordbruksareal har gått ut av drift, men ein del av dette blir klipt med plenklippar eller beitepussar og haldt ved like. Dette er eit paradis for grågåsa, forklarer Folkestad.

Grågåsa føretrekker nyklipte store marker fordi dei beitar på kort vegetasjon. Slike marker er det slett ikkje få av på Søre Sunnmøre.

– Samstundes er dette plassar der folket lever og biltrafikken er flittig. Grågåsa har tilpassa seg og er ikkje spesielt redd for folk og trafikk lenger, seier Folkestad smilande.

Dette er del av forklaringa på kvifor vi ser mykje grågås. Grågåsa oppheld seg på same plass som folk bur.

Ballansert

Vil du sjå mange grågjæser kan du til dømes reise til Leinøy og Voldsund i Herøy.

Det er område der ein kan føle at grågåsbestanden er ute av kontroll, men ….

– Sjølv om at vi har svært store bestandar på nokre område har den totale mengda grågjæser vore rimeleg stabil. Den har blitt meir konsentrert og har auka somme plassar, samstundes som den har forlate andre område på grunn av attgroing og nedlagt jordbruksdrift, forklarer Ornitologen.

Det har altså vore ei auke på dei konsentrerte områda.

Så når nokon seier: «Her e so mykje grågås!» Har dei på sett og vis rett, men sanninga er at den totale mengda av grågås på Søre Sunnmøre har gått litt ned.

Eit problem?

– Frustrasjonen kan bli stor hjå gardsbrukarar som skal hauste grasavlinga til husdyrfôr. Grågåsa kan her bli ein konkurrent og den kan trakke ned og skade avlinga, forklarer Folkestad som forstår at nokre blir oppgidde av dei grå gjestane.

Likevel meiner han det ikkje er noko å slå alarm for med det fyrste. I løpet av 2–3 veker vil ein sjå mindre og mindre grågås forklarar han, ettersom dei snart reiser sørover.

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Leiteaksjon ved Herøybrua

Redningsskøyte, brannvesen og helikopter i aksjon ved Herøybrua seint laurdag kveld.

Årets Gaselle i Møre og Romsdal

RS-Systems fra Fosnavåg er årets gaselle-bedrift i Møre og Romsdal.

Uavklart for «Sett Sjøbein»

«Sett Sjøbein» er usikre på om dei er med i neste års statsbudsjett.

Mykje torskeyngel i nord

Etter to labre år er det no mykje torskeyngel i Barentshavet, melder Havforskningsinstituttet.

Opsjon for «Havila Clipper»

Mærsk Olie og Gas har, ikkje uventa, erklært seks månaders opsjon for PSV-fartøyet «Havila Clipper», melder Havila Shipping onsdag morgon.

Til sjukehus i helikopter:

Falt under arbeid med brusøyle