Reketrålaren «Remøy» låg i arrest i Murmansk i Russland frå 10. mai til 1. juni. Innfelt: Utanriksminister Børge Brende og fiskeriminister Per Sandberg.

Reketrålaren «Remøy» låg i arrest i Murmansk i Russland frå 10. mai til 1. juni. Innfelt: Utanriksminister Børge Brende og fiskeriminister Per Sandberg.

Fiskebåt meiner Brende og Sandberg må rydde opp

Onsdag fekk Remøy Havfiske førespegla ei bot på 30 millionar kroner for ulovleg fiske i russisk farvatn. No ber reiarorganisasjonen Fiskebåt norske styresmakter ta ansvar.

– Det er en uforståeleg reaksjon og en reaksjon vi ikkje kan akseptere sett frå norsk side. Min oppmoding til dei som har vore involvert i saka frå politisk hald, både utanriksminister og fiskeriminister, er at dei grip fatt i den og bidreg til ei løysing som er akseptabel for alle partar, seier administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt til smp.no.

Les også: Får 30 millionar i bot frå Murmansk

Bakgrunnen for at konflikten oppstod var ein skjemafeil gjort av Fiskeridirektoratet.  Reiarlaget har heile tida opplyst at dei fiska i god tru og at dei ikkje har gjort noko ulovleg.

– Du meiner styresmaktene har eit økonomisk ansvar?

– Vi meiner ansvaret for feilen ligg hos norske styresmakter og at utanriksministaren eller fiskeriministaren må rydde opp. Korleis dei vil gjere det, må departementa finne ut av, seier Mårak.

Vil be om nye møter

Advokat Richard Bjerk opplyste til smp.no onsdag at reiarlaget vil ta stilling til ei anke når grunngjevinga for bota kjem om nokre veker. Onsdag var det berre sjølve slutninga som blei kjent.

– Fiskeridirektoratet har vore klare på at dei gjorde ein miss ved lisenssøknaden og styresmaktene har erkjent at det er tilfelle. Om dei også tek det økonomiske ansvaret, står att å sjå, seier Maråk i Fiskebåt.

(saka held fram under)

«Remøy» får millionbot fra Murmansk

Får bot på nesten 30 millioner etter at Fiskeridirektoratet krysset feil på skjema.

Remøy tilbake Norge - har lagt til kai i Tromsø:

– Jeg håper dette blir en situasjon vi kun må håndtere en gang i livet

Lørdag klokka 07.45 la reketråleren Remøy til kai i Tromsø, tre uker og to dager senere enn planlagt.

 

– Det er godt å vere heime!

– Det er godt å vere heime!


Havfiskarane sine organisasjon har saman med reiarlaget vore i samtalar, mellom anna med utanriksminister Børge Brende og fiskeriminister Per Sandberg, både medan båten låg fast i Russland og etterpå. No vil Maråk be om nye møter så snart som råd.

– Vi har vore samde om å ta opp igjen samtalane når vi fekk avklart reaksjonen frå russisk side. Men den er uansett ute av alle proporsjonar og her kan ein velje å gå vidare med saka i rettssystemet, påpeiker han.

Samanliknar med EU-tilfelle

Maråk dreg parallellar til eit EU-fartøy som nyleg blei teke for feilrapportering i sildefiske i Nordsjøen. Her fekk skippar og reiarlag reaksjonar på drygt 300.000 kroner etter to dagars behandling, ifølgje Maråk.

Remøy Havfiske har allereie hatt betydelege utgifter med saka og til den er avklart, er det lite aktuelt å reise på rekefiske i russisk farvatn.

Organisasjonen Fiskebåt har tidlegare ikkje avvist at det kan vere aktuelt å fremme krav om erstatning i sak. Det er lite truleg at reiarlaget får dekt utgifter frå forsikringsselskapet sitt.


Remøy-reiaren meiner styresmaktene må ordne opp

Sjå videointervju med styreleiar Olav Remøy i Remøy Havfiske om konflikten rundt trålaren i Murmansk.

Ber om fortgang i fohandlingene om reketråler:

Støre presser utenriksminister Brende

- Må bruke alle tilgjengelige kanaler, skriver Jonas Gahr Støre i brev til utenriksminister Børge Brende.


Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Leiteaksjon ved Herøybrua

Redningsskøyte, brannvesen og helikopter i aksjon ved Herøybrua seint laurdag kveld.

Årets Gaselle i Møre og Romsdal

RS-Systems fra Fosnavåg er årets gaselle-bedrift i Møre og Romsdal.

Uavklart for «Sett Sjøbein»

«Sett Sjøbein» er usikre på om dei er med i neste års statsbudsjett.

Mykje torskeyngel i nord

Etter to labre år er det no mykje torskeyngel i Barentshavet, melder Havforskningsinstituttet.

Opsjon for «Havila Clipper»

Mærsk Olie og Gas har, ikkje uventa, erklært seks månaders opsjon for PSV-fartøyet «Havila Clipper», melder Havila Shipping onsdag morgon.

Til sjukehus i helikopter:

Falt under arbeid med brusøyle