Redningsskøyta

Redningsskøyta "Idar Ulstein" gjorde søk i sjøen i omrpdet ved Herøybrua og Nautøya.  Foto: Carl Henrik Moltumyr

Leiteaksjon i Herøy avslutta i natt

Redningsskøyte, brannvesen og helikopter i aksjon ved Nautøya i Herøy seint laurdag kveld.

Politiet fekk like før midnatt laurdag kveld melding om mogleg person i sjø ved Herøybrua i Herøy kommune.

Rundt klokka 00.45 fortel operasjonsleiar Kenneth Sætre ved Møre og Romsdal politidistrikt at dei har sjekka ut eit tips frå eit vitne.

Brannvesen, politi, redningsskøyte og redningshelikopter rykka ut seint laurdag kveld. 
        
            (Foto: Carl Henrik Moltumyr)

Brannvesen, politi, redningsskøyte og redningshelikopter rykka ut seint laurdag kveld.  Foto: Carl Henrik Moltumyr

- Vi har fått melding om at personen er observert på land og det er ikkje gjort observasjon av person i sjø, seier han til Sunnmørsposten.

I ei Twitter-melding klokka 00.56 skriv politiet følgjande:

«Herøy, Nautøya: Politiet sammen med redningsskøyte, lokalt brannvesen og redningshelikopter driver overflatesøk i området mellom Nautøya og Stokksund. Bakgrunnen for søket er melding om at en person som er observert i området av et vitne, plutselig forsvant.»

Eit par minutt seinare skriv dei ei ny melding:

«Herøy, Nautøya: Så langt er søket resultatløst og ingen holdepunkter for at noen har falt i sjøen.»

Klokka 01.35 blei aksjonen avslutta.

Meir å lese på Herøynytt:
 
Leses nå:

Kreditorer måtte punge ut for Remøy si siste krill-tokt

Borevisor stiller spørsmål ved om Stig Remøy-selskapet burde reist på sin siste tokt.

Omgangssjuke på sjukeheim: – Har kontroll

Kommuneoverlegen i Herøy opplyser at det er utbrot av Norovirus (omgangssjuke) ved ei sjukeheimsavdeling i Myrvåg.

Fekk vatn i kjellaren

Brannvesenet måtte hjelpe fleire huseigarar som fekk vatn i kjellaren natt til laurdag.

Gjennombrot i Russland for Herøy-selskap:

Slik fekk dei gjennombrot i den russiske markaden

Kontrakt med tre russiske fiskeriselskap for levering av design- og engineeringpakkar for moderne autolinefartøy.