FORNYAR Den russiske fiskeflåten skal fornyast, noko norsk næringsliv vil bidra til. Selskapet Marin Teknikk i Herøy ser på dei første avtalane som er landa som eit gjennombrot, og håpar det opnar for endå meir arbeid. 
            (Foto: Illustrasjon Marin Teknikk)

FORNYAR Den russiske fiskeflåten skal fornyast, noko norsk næringsliv vil bidra til. Selskapet Marin Teknikk i Herøy ser på dei første avtalane som er landa som eit gjennombrot, og håpar det opnar for endå meir arbeid. Foto: Illustrasjon Marin Teknikk

Gjennombrot i Russland for Herøy-selskap:

Marin Teknikk skal designe fire linebåtar til russisk fiskeriselskap

Kontrakt med tre russiske fiskeriselskap for levering av design- og engineeringpakkar for moderne autolinefartøy.

Etter fleire års målretta arbeid i den russiske marknaden har Herøy-selskapet Marin Teknikk fått eit gjennombrot.

– For oss er Russland ein heilt ny marknad. Vi har jobba målbevisst med det i to år, etter at det ei stund har vore kjent at Russland skulle fornye fiskeflåten, seier salssjef Richard Gjerde til Sunnmørsposten.

Store fiskeriaktørar

Herøy-selskapet skal levere design og engineering-pakkar for fire nye, moderne autolinefartøy.

Dei russiske fiskeriselskapa dei har skrive kontrakt med held til i Murmansk- og Arkhangelsk-området. Dei er alle store aktørar innan fiskeri, ifølgje Marin Teknikk.

Selskapet i Herøy har frå før lang internasjonal erfaring, men Russland er heilt nytt. Og det er eit heilt nytt regelverk å setje seg inn i.

Målet no er at det skal bli endå fleire kontraktar.

– Dette er ein døropnar for oss, seier Gjerde.

Norsk utstyr

Dei nye fartøya er av typen MT1112 XL. Dei blir 58,6 meter lange og 13 meter breie.

Dei blir utrusta med topp moderne autolinesystem og skal ha fabrikk til prosessering av fisk og hermetikk, stor fryselagerkapasitet og isklasse. Og dei skal innreiast for 36 personar. Båtane blir bygde under russisk flagg og klasseregelverk på Severnaya Verf i St. Petersburg over ein treårsperiode.

FORHANDLAR Salssjef Richard Gjerde (t.v.) fortel om eit langvarig og hardt salsarbeid for å lande avtalar i Russland. No er det klart at arbeidet har gitt resultat. 
            (Foto: Privat)

FORHANDLAR Salssjef Richard Gjerde (t.v.) fortel om eit langvarig og hardt salsarbeid for å lande avtalar i Russland. No er det klart at arbeidet har gitt resultat. Foto: Privat

 

Sjølv om båtane skal byggjast i Russland, er det klart at fleire norske utstyrsleverandørar får nyte godt av kontraktane.

– Også lokale bedrifter er venta å få leveransar, seier Gjerde, utan at han kan seie noko meir om kven dette blir.

Ifølgje Marin Teknikk ønskjer dei russiske reiarlaga no å satse sterkare på linefiske som blir rekna for å vere ein økologisk, berekraftig og miljøvennleg fiskemetode.

Fiske i Barentshavet

For få dagar sidan blei det også kjent at Marin Teknikk skal designe to nye fartøy for Ervik-reiarlaget på Stadlandet.

Og nettopp Ervik har fleire fiskefartøy med same system som Marin Teknikk no leverer til russiske kundar.

Linefartøya blir bygde for fiske etter torsk og hyse i Barentshavet og Norskehavet, med fokus på å vareta heile fangsten.


Modelltest av sjølvstyrt skip gjekk betre enn venta:

Stor interesse for verdsnyheit - og lokale verft vil bygge

Designarane frå Herøy får allereie førespurnader frå transportørar. Og kanskje får eit lokalt verft jobben med å bygge verdas første sjølvstyrte skip.

 

Nyheita om dei russiske kontraktane blei godt motteken av dei tilsette i Herøy torsdag. Slike avtalar sikrar arbeidsplassar og skaper aktivitet elles i det maritime miljøet.

– Ein kan jo tenke seg situasjonen som har vore i næringa ei tid. Det er gledeleg for alle tilsette at bedrifta får oppdrag og at jobbane blir sikra. No ser vi at det nyttar å stå på, seier Gjerde og legg til:

– Det har vore eit veldig hardt salsarbeid for å få til avtalane i Russland. Det er ein heilt annan kultur, og det har vore rimeleg tøft.

Viktig for verda

Frå arbeid i Kina og Indonesia tek Gjerde med seg kunnskap som også er nyttig i Russland. Og det er klart at ein må vere forsiktig når ein opererer i desse landa.

– Men så lenge ein har ærlege hensikter, har ein ingen ting å frykte, seier Gjerde.


Kappløp med Trondheim og Horten:

Vil ha førarlaus ferje over Fosnavågen

Fosnavåg kan bli mellom dei første stadene i landet som får passasjertrafikk med eit førarlaust fartøy.

 

Han les om storpolitisk drama, men ser at den alminnelege russar og nordmann har eit godt forhold og respekt for kvarandre.

– Det er viktig for verda at vi byggjer alliansar og samarbeider, meiner Gjerde.

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Kreditorer måtte punge ut for Remøy si siste krill-tokt

Borevisor stiller spørsmål ved om Stig Remøy-selskapet burde reist på sin siste tokt.

Omgangssjuke på sjukeheim: – Har kontroll

Kommuneoverlegen i Herøy opplyser at det er utbrot av Norovirus (omgangssjuke) ved ei sjukeheimsavdeling i Myrvåg.

Fekk vatn i kjellaren

Brannvesenet måtte hjelpe fleire huseigarar som fekk vatn i kjellaren natt til laurdag.

Gjennombrot i Russland for Herøy-selskap:

Slik fekk dei gjennombrot i den russiske markaden

Kontrakt med tre russiske fiskeriselskap for levering av design- og engineeringpakkar for moderne autolinefartøy.

Regionavisa med åtte tilsette er konkurs

Regionavisa som har vore ei gratisavis for kommunane på Søre Sunnmøre har meldt oppbod.