Omgangssjuke på sjukeheim: – Har kontroll

Kommuneoverlegen i Herøy opplyser at det er utbrot av Norovirus (omgangssjuke) ved ei sjukeheimsavdeling i Myrvåg.

Avdelinga er no stengt og ein har gjort tiltak for å unngå smitte, skriv Herøy kommune.

Tre personar

– Det er tre tilfeller. Avdelinga det gjeld er stengt og vi har fulgt dei prosedyrene vi har. Vi har ikkje mistanke om at det kom frå noko sjukehus, men har varsla folkehelseinstituttet rutinemessig, seier kommuneoverlege Torill Myklebust til Sunnmørsposten.

Situasjonen er under kontroll og det har gått fredeleg føre seg, seier ho.

– Men det er klart det er trasig når sånt kjem, spesielt jula kor der er mykje folk og besøk, seier ho.

Avdelinga med dei tre måtte isolerast. Kommuneoverlegen blei varsla om mistanken på tysdag, og torsdag fekk ho prøvesvara som bekrefta utbrotet.

– Avdelinga blir stengt så lenge dette er naudsynt. Vi har fått begrensa utbrotet, men sidan Noro smittar veldig lett, tek vi ingen sjansar, seier ho.

Kommuneoverlegen oppmodar alle til god handhygiene.


Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Kreditorer måtte punge ut for Remøy si siste krill-tokt

Borevisor stiller spørsmål ved om Stig Remøy-selskapet burde reist på sin siste tokt.

Omgangssjuke på sjukeheim: – Har kontroll

Kommuneoverlegen i Herøy opplyser at det er utbrot av Norovirus (omgangssjuke) ved ei sjukeheimsavdeling i Myrvåg.

Fekk vatn i kjellaren

Brannvesenet måtte hjelpe fleire huseigarar som fekk vatn i kjellaren natt til laurdag.

Gjennombrot i Russland for Herøy-selskap:

Slik fekk dei gjennombrot i den russiske markaden

Kontrakt med tre russiske fiskeriselskap for levering av design- og engineeringpakkar for moderne autolinefartøy.

Regionavisa med åtte tilsette er konkurs

Regionavisa som har vore ei gratisavis for kommunane på Søre Sunnmøre har meldt oppbod.