Offshorekrisa har gitt Fosnavåg budsjettproblem. Ordførar Camilla Storøy fortel at ho trur at innbyggjarane vil merke det på tenestetilbodet i kommunen neste år.

Offshorekrisa har gitt Fosnavåg budsjettproblem. Ordførar Camilla Storøy fortel at ho trur at innbyggjarane vil merke det på tenestetilbodet i kommunen neste år.

Offshorekrisa har gitt Herøy budsjettvanskar

Skatteinntektene i Herøy kommune svikta med 15 millionar kroner i 2017 ifølge Dagens Næringsliv.

– Skatteinntektene svikta med 15 millionar kroner i 2017, frå 275 millionar kroner til 260 millionar kroner. Vi var nok i overkant optimistiske da vi budsjetterte. For 2018 tør vi ikkje å rekne med nokon vekst, seier rådmann Olaus-Jon Kopperstad i Herøy kommune til avisa Dagens Næringsliv (DN).

Han påpeiker at det er eit avvik på 20 millionar kroner mellom driftskostnadar og inntekter.

– Det avviket må vi dekke inn.

Ikkje nok

Tiltakspakken frå regjeringa har vore til hjelp for kommunen, men har ikkje vore nok. Rådmannen innrømmer at dei har nok vore i overkant optimistiske i budsjetteringa.

No legg kommunen opp til å kutte lønnsbudsjetta med rundt 1,75 prosent. Det betyr at ledige stillingar ikkje blir fylt og vikarar ikkje tekne inn.

– Vi hadde håpa det skulle snu. Pengane sitt ikkje like laust lenger, fortel ordførar Camilla Storøy.

– Dårleg økonomi

– Eg føler vi har dårleg økonomi i kommunen no. Vi må snu alle steinar. Eg trur innbyggjarane i kommunen vil merke denne krisa neste år, seier ho vidare.

Ho fortel at innbyggjarane kan merke det på redusert svømmeundervisning, fleire ungar i klassene og klanskje redusert åpningstid på helsestasjonen. Eigedomsskatt er likevel ikkje eit alternativ.

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Kreditorer måtte punge ut for Remøy si siste krill-tokt

Borevisor stiller spørsmål ved om Stig Remøy-selskapet burde reist på sin siste tokt.

Omgangssjuke på sjukeheim: – Har kontroll

Kommuneoverlegen i Herøy opplyser at det er utbrot av Norovirus (omgangssjuke) ved ei sjukeheimsavdeling i Myrvåg.

Fekk vatn i kjellaren

Brannvesenet måtte hjelpe fleire huseigarar som fekk vatn i kjellaren natt til laurdag.

Gjennombrot i Russland for Herøy-selskap:

Slik fekk dei gjennombrot i den russiske markaden

Kontrakt med tre russiske fiskeriselskap for levering av design- og engineeringpakkar for moderne autolinefartøy.

Regionavisa med åtte tilsette er konkurs

Regionavisa som har vore ei gratisavis for kommunane på Søre Sunnmøre har meldt oppbod.