Kjem tilbake Ordførar i Herøy kommune, Arnulf Goksøyr, har lidd av alvorleg sjukdom. No er han imidlertid på bedringens veg, og melder på facebook at han kjem tilbake i 50 prosent stilling til nyåret.
            (Foto: Sven Aam)

Kjem tilbake Ordførar i Herøy kommune, Arnulf Goksøyr, har lidd av alvorleg sjukdom. No er han imidlertid på bedringens veg, og melder på facebook at han kjem tilbake i 50 prosent stilling til nyåret.Foto: Sven Aam

Ordføraren i Herøy kjem tilbake til jobben

Arnulf Goksøyr, ordførar i Herøy kommune, melder på facebook at han kjem tilbake i 50 prosent stilling etter alvorleg sjukdom.

– Det går mot lysare tider, skriv ordføraren på si facebook-side.

6. juli 2017 blei det kjent at ordørar Arnulf Goksøyr i Herøy kommune var sjukemeld på ubestemt tid. Han har lidd av den alvorlege kreftdiagnosen akutt lymfoblastisk leukemi.

Les også: Herøy-ordføraren er alvorleg sjuk

No melder han at han er på bedringens veg, og startar nyåret med å komme tilbake i 50 prosent stilling som ordførar.

– Etter 6 månadar med behandling er eg absolutt på bedringen. På tusenvis av gode tankar og hjertelige helsingar har eg mottatt, noko som er til stor inspirasjon når dagane blir for monotone, eller når bivirkningane av medisinen nærmast har parkert meg frå å delta i fysisk aktivitet, skriv han.

Det er tre månadar sidan spesialistane på kreftavdelinga på St. Olavs hospital kunne meddele at spora av blodkreft var sletta. Han har vore på hospitalet og fått medisinar for å halde mulege tilbakeslag unna. Den består av meir cellegift dei neste 2,5 åra.

– Likevel starter eg det nye året med å kome tilbake i 50% stilling første månaden. Tida vil vise kor fort eg kan være tilbake i normal gjenge. Eg forventer fortsatt oppturar og nedturar.

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Kreditorer måtte punge ut for Remøy si siste krill-tokt

Borevisor stiller spørsmål ved om Stig Remøy-selskapet burde reist på sin siste tokt.

Omgangssjuke på sjukeheim: – Har kontroll

Kommuneoverlegen i Herøy opplyser at det er utbrot av Norovirus (omgangssjuke) ved ei sjukeheimsavdeling i Myrvåg.

Fekk vatn i kjellaren

Brannvesenet måtte hjelpe fleire huseigarar som fekk vatn i kjellaren natt til laurdag.

Gjennombrot i Russland for Herøy-selskap:

Slik fekk dei gjennombrot i den russiske markaden

Kontrakt med tre russiske fiskeriselskap for levering av design- og engineeringpakkar for moderne autolinefartøy.

Regionavisa med åtte tilsette er konkurs

Regionavisa som har vore ei gratisavis for kommunane på Søre Sunnmøre har meldt oppbod.