Trafikkulykker tysdag morgon:

Trafikkulykker ved Herøybrua, Velledalen og Stryn

To personar er skadd etter tre trafikkulykker på Nordvestlandet tysdag morgon.

Ein bil har køyrd i ein bergvegg ved Herøybrua, melder Herøy brannvesen klokka 06.14 tysdag. Det skal ikkje vere andre bilar involvert i ulykka.

Det skal vere glatt på staden, ifølgje brannvesenet.

Møre og Romsdal politidistrikt melde om ulykka på Twitter klokka 06.13. Klokka 06.24 skriv dei at dei er på ulykkesstaden.

Bilførar, ei ung kvinne, blei sendt til Ålesund sjukehus med luftambulanse, ifølgje operasjonsleiar Erik Mikalsen ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Han stadfestar at det var glatt på staden.

– Vi har fått melding om slaps på vegen. Bilen har fått seg ein god trøkk, kollisjonsputer blei utløyst, seier han til Sunnmørsposten klokka 07.05.

Ifølgje ei pressemelding frå Helse Møre og Romsdal skal kvinna ha kome frå ulykka med lettare skader.

«Snøslaps i vegbanen. Vær obs.»

Klokka 06.50 melde politiet om eit nytt trafikkuhell. Denne gongen i Velledalen i Sykkylven.

Ifølgje politiet så skal det vere ein einslig bil som har køyrd av vegen. Det er ikkje meld om personskade.

Statens vegvesen melder klokka 07.25 at ulykka skjedde på fylkesveg 60 ved Fitjabrua.

- Snøslaps i vegbanen. Vær obs. Mannskaper på veg ut for å brøyte, skriv dei på Twitter.

Ulykke mellom Loen og Stryn

Vest politidistrikt melder om ei trafikkulykke mellom Loen og Stryn klokka 07.04 tysdag morgon.

- Bil har snurra rundt og landet på taket. Bilfører er ute, og har sjølv ringt naudetatene, melder politiet på Twitter.

Ulykka skjedde i Masårvika, bilen ligg i høgre felt, og det skal vere mogleg å passere. Det skal ikkje vere andre personar eller kjøretøy involvert i ulykka, ifølgje politiet.

Trafikken blir dirigert forbi ulykkestaden.

Bilføraren, ein ung mann, opplyser å vere skjelven og vondt i hovudet, men er elles ikkje skadd. Mannen blir teken hand om av helsepersonell.

- Så langt er det ukjent om hendinga skyldast glatt vegbane, skreiv Vest politidistrikt på Twitter klokka 07.26.

Meir å lese på Herøynytt:
 
Leses nå:

Kreditorer måtte punge ut for Remøy si siste krill-tokt

Borevisor stiller spørsmål ved om Stig Remøy-selskapet burde reist på sin siste tokt.

Omgangssjuke på sjukeheim: – Har kontroll

Kommuneoverlegen i Herøy opplyser at det er utbrot av Norovirus (omgangssjuke) ved ei sjukeheimsavdeling i Myrvåg.

Fekk vatn i kjellaren

Brannvesenet måtte hjelpe fleire huseigarar som fekk vatn i kjellaren natt til laurdag.

Gjennombrot i Russland for Herøy-selskap:

Slik fekk dei gjennombrot i den russiske markaden

Kontrakt med tre russiske fiskeriselskap for levering av design- og engineeringpakkar for moderne autolinefartøy.