Engegårdkvartettens debut-cd, utgitt i 2008, vart hylla som Norges beste klassiske utgjeving av landets mest framståande musikk kritikar, Kjell Hillveg. I slutten av oktober har dei konsert i Fosnavåg konserthus.

Engegårdkvartettens debut-cd, utgitt i 2008, vart hylla som Norges beste klassiske utgjeving av landets mest framståande musikk kritikar, Kjell Hillveg. I slutten av oktober har dei konsert i Fosnavåg konserthus.

Slik er programmet for konserthuset

Frå første helg i oktober er det program i Fosnavåg konserthus.

Arrangementsansvarleg Bjørn Holum presenterer med dette ein fullstendig oversikt over arrangment i konserthuset i opningsmånaden.

Frå og med fredag kan du også kjøpe billettar til dei offisielle opningskonsertane 23. og 24. oktober på konserthuset si nettside.

Laurdag 4. oktober: Margot får besøk

Ina Breivik sin karakter «Margot» har tatt både publikum og presse med storm. Framsyninga slo alle besøksrekordar i Ålesund sist haust, og etter ein liten turné, og to periodar i Bergen, er dei no klare for Fosnavåg.

Dette er ein svart komedie. Margot er ein karakter dei fleste av oss kjenner. Anten kjenner vi ei Margot sjølv, eller så kjenner vi ein som kjenner ei Margot. Handlinga er lagt til Margot si stue. Ein plass der tida har stått stille, samtidig som den har samla eit langt liv.

Med seg på scena har Ina denne gongen Ørjan Liavåg, kjend for dei fleste som Leif Per frå framsyningane til Hildegunn Moltubakk. Liavåg får denne gongen brukt erfaringa si med å spele mot middelaldrande damer frå Sunnmøre som har snakketøyet i orden.

Torsdag 9. oktober: Fawlty Towers

I samarbeid med det nye hotellet inviterer Fosnavåg konserthus til ei heilt spesiell middagsoppleving i konsertsalen. Det blir servert trerettars middag, men det heile skjer på Fawlty Towers, eller Hotell i særklasse som TV-serien heitte i Noreg. Dei kjende rollefigurane står for servering og forviklingar gjennom showet. Alt kan skje når den maniske Basil, den dominarende Sybil og ikkje minst den språkforvirra, klønete Manuel serverer gjestene middag på typisk Fawlty-vis.

Fredag 10. oktober: Stig Ulv

Denne fredagen er det Stig Ulv som er til Fosnavåg for å teste ut klubblokalet (som ikkje har fått noko namn enno). Her blir det småbord med servering og god klubbstemning, lovar arrangementsansvarleg Bjørn Holum og siterer Dagbladet:

«Det går noen unge musikere rundt i dette landet som fortjener å bli hørt av flere enn de som ser på flatskjermer, Ulv er en av dem. » (Tom Stalsberg, Dagbladet)

Laurdag 11. oktober: Bergsøy blandakor

Første kor ut i det nye konserthuset er Bergsøy blandakor. Dei var svært tidleg ute med å booke seg inn, og har planlagt dette godt. Dei blir det første koret som får prøve ut den spesielle akustikken i konserthuset.

Les også: – Få konserthus med like god lyd

Søndag 12. oktober: Come Shine

Våren 2014 slapp kvartetten Come Shine eit nytt album og heldt ein gedigen releasekonsert i Den Norske Opera, og tre påfølgjande festivalkonsertar der utselde hus stadfesta at Come Shine framleis er blant landets aller beste liveband.

Dei er: Erlend Skomsvoll – piano og arrangement, Live Maria Roggen – vokal, Sondre Meisfjord – bass, Håkon Mjåset Johansen – trommer. No kjem dei til Fosnavåg konserthus på sin turne, Red and Gold.

Onsdag 15. oktober: Ta meg til havet – Hanne Krogh og Tre Tenorer med Ålesund operakor

Alle tidlegare publikumsrekordar blei knust då framsyninga «Ta meg til havet» hadde premiere i Larvik. Folk valfarta frå heile Sør-Noreg for å oppleve denne annleishistoria om havlandet Noreg. Til dei siste framsyningane i sommarlege Vestfold, var det lange ventelister av folk som ikkje hadde fått billett inn til den spesielle verda Hanne og tre av landets fremste operatenorar inviterte til.

Laurdag 18. oktober: Tolvtetten & Mixmasters

Denne kvelden blir det høg stemning med eit veltrimma Tolvtetten saman med det legendariske storbandet Mixmasters, under leiing av Ketil Rasmussen. Mixmasters er mest kjend for sitt tette samarbeid for ein del år sidan med legendariske Norman Laiden, arrangøren og dirigenten for Glenn Millers Orchestra som herja hitlistene på 40-talet. Etter ein lang pause har dei no pusta liv i horna, og kjem ein tur til Fosnavåg. På denne konserten blir også Oddbjørn Blindheim med som pianist.

Følg Herøynytt på facebook

Torsdag 23. og fredag 24. oktober: Offisielle opningskonsertar med KORK

Allereie i oktober i fjor vart det gjort avtale med KORK om å delta på opninga av Fosnavåg konserthus. Dette vil bli ein innhaldsrik konsert med mange innslag. Apparatjik som består av m.a. Magne Furuholmen, Guy Barryman frå Coldplay og Jonas Bjerre frå Mew skal saman med KORK framføre bestillingsverket «Lyden av Fosnavåg».

Eit detaljert program vil bli offentleggjort litt seinare, men billettsalet startar allereie fredag 15. august klokka 12.

Laurdag 25. oktober: Folkefest

Denne laurdagen ønskjer Herøy kommune å arrangere ein folkefest der alle er invitert, både på scene og i sal. Alle er invitert! Ta kontakt med kulturkontoret dersom du har noko å bidra med.

Tysdag 28. oktober: Astroshow med Sannes & Ødegaard

Finst det livsformer på fjerne exoplanetar? Korleis skal menneska kome seg til andre solsystem? Finn ut meir om den spektakulære utforskinga som går føre seg i rommet, og korleis framtidas stjernereiser vil finne stad. Sci-fi-forfattar og meteorittleitar Anne Mette Sannes og astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard tar publikum med på ei reise gjennom tid og rom og besøker merkelege planetar rundt fjerne stjerner, vakre gasståker, galaksar som kolliderar, svoltne superslurparar, steinar frå rommet, underlege fenomen og gigantiske avstandar.

Onsdag 29. oktober: Engegårdkvartetten

Denne onsdagen blir det muleg å stifte kjennskap med ein kvartett som blei etablert under midnattssola i Lofoten i 2006, og raskt vart dei eit av dei mest ettertrakta ensembla i Norge, invitert til å delta på Festspela i Bergen og Oslo Kammermusikkfestival i sin første sesong.

Engegårdkvartettens debut-cd, utgitt i 2008, vart hylla som Norges beste klassiske utgjeving av landets mest framståande musikk kritikar, Kjell Hillveg.

Til Fosnavåg har dei med seg Susanne Lundeng, som dei nyleg har spelt inn plate med og som har fått strålande kritikkar. Vi gler oss til å teste ut vår unike akustikk saman med eit akustisk ensemble av høg kvalitet.

Torsdag 30. oktober: D'Sound

«Vår eigen» Simone frå Volda kjem til Fosnavåg med bandet sitt denne torsdagen.

Meir å lese på Herøynytt:
D'Sound.

D'Sound.

Arkiv. Frå førestellinga «Margot får besøk». Ina Breivik og Ørjan Liavåg.
            (Foto: Staale Wattø)

Arkiv. Frå førestellinga «Margot får besøk». Ina Breivik og Ørjan Liavåg.Foto: Staale Wattø

Fawlty Towers.

Fawlty Towers.

Stig Ulv.

Stig Ulv.

Come Shine.

Come Shine.

Tolvtetten.
            (Foto: Gunnar Wiik)

Tolvtetten.Foto: Gunnar Wiik

Sci-fi-forfattar Anne Mette Sannes og astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard.

Sci-fi-forfattar Anne Mette Sannes og astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard.

Bukkene Bruse på badeland. Kjem i november.

Bukkene Bruse på badeland. Kjem i november.

Jean de France. Kjem i november.

Jean de France. Kjem i november.

Leses nå:

Kreditorer måtte punge ut for Remøy si siste krill-tokt

Borevisor stiller spørsmål ved om Stig Remøy-selskapet burde reist på sin siste tokt.

Omgangssjuke på sjukeheim: – Har kontroll

Kommuneoverlegen i Herøy opplyser at det er utbrot av Norovirus (omgangssjuke) ved ei sjukeheimsavdeling i Myrvåg.

Fekk vatn i kjellaren

Brannvesenet måtte hjelpe fleire huseigarar som fekk vatn i kjellaren natt til laurdag.

Gjennombrot i Russland for Herøy-selskap:

Slik fekk dei gjennombrot i den russiske markaden

Kontrakt med tre russiske fiskeriselskap for levering av design- og engineeringpakkar for moderne autolinefartøy.

Regionavisa med åtte tilsette er konkurs

Regionavisa som har vore ei gratisavis for kommunane på Søre Sunnmøre har meldt oppbod.