Foto og redigering: Bjørnar Torvholm Sævik

Minneverdig opningskonsert i Fosnavåg

Ei herleg blanding av verdskjende artistar og lokale heltar og heltinner stod for ei minneverdig opning av Fosnavåg konserthus torsdag kveld. I kveld blir det dakapo;  same konserten blir spelt igjen for eit nytt publikum.

Det flommar over av lovord når Fosnavåg konserthus blir skildra av publikum og artistar. Verdsstjerna Leif Ove Andsnes kallar konsertanlegget til fosnavågarane unikt, og han har aldri før opplevd så god lyd i eit norsk konserthus.

Følg smp.no på Facebook

Augeopnar

- Det akustiske systemet her er verkeleg ein augneopnar. Skal eg vere ærleg, så har eg ikkje opplevd liknande i utlandet heller, smiler Andsnes.

Han elskar Beethovens femte klaverkonsert i essdur, som han framførte saman med KORK, og sjølv om han var djupt konsentrert, smilte han innvendig heile vegen. Etter framføringa møtte Andsnes KORK-dirigent Rune Bergmann og Magne Furuholmen i Apparatjik. Samtelege lovprisar huset og lyden.

Verdsklasse

- Dette anlegget kan ta imot kven som helst; det er i verdsklasse, uttrykte Bergmann.

Åge Remøy fekk æra av å avduke Steinway-flygelet, som han har gitt som gåve til Fosnavåg konserthus og herøyfolket. Reiaren er svært kulturinteressert, og får æra av å vere den som lanserte ideen og fekk på plass konserthus i heimbyen, med hjelp av sonen hans, Fredrik Remøy, som er dagleg leiar Fosnavåg konserthus.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Husets far

- Men dette var min baby. Dette huset har eg kjempa for, sa Åge Remøy til pressa like før den første offisielle opningskonserten. Herøypatrioten har mange gonger tatt turen til Ulsteinvik for å oppleve konsertar, og var arkitekten bak planane om noko tilsvarande i Fosnavåg.

- Mange ungdommar har flytt til Oslo og andre byar. For å ha eit håp om å få desse heim, så treng vi eit skikkeleg kulturtilbod. Eit hus som det vi no har fått lokkar sjølvsagt andre hit også, argumenterer Remøy.

Dugnadsprosjekt

40 bidragsytarar frå det lokale næringslivet og 300 kjøparar av folkeaksjen har fått namnet sitt på veggen ved den nedste inngangen til konsertsalen.

- Vi gjer dette i respekt av sponsorane, sa Fredrik Remøy, då han avduka tavla med namna – som stilfullt lyser i neongrønt på svart bakgrunn. Grønfargen matchar logoen på utsida av bygget.

Meir å lese på Herøynytt:
Fosnavåg konserthus

Rem Offshore og Herøy kommune stod bak selskapet som blei stifta i mai 2012.

Det har tatt 95 millionar kroner å bygge konserthuset. Det lokale næringslivet har bidratt med 65 millionar.

Styreleiar for Fosnavåg konserthus er Kirsti Hammerø.

Leif Ove Andsnes storkoste seg då han framførte Beethovens femte klaverkonsert på det splitter nye Steinway-flygelet. Det gjorde også KORK-dirigent Rune Bergmann frå Sykkylven.

Leif Ove Andsnes storkoste seg då han framførte Beethovens femte klaverkonsert på det splitter nye Steinway-flygelet. Det gjorde også KORK-dirigent Rune Bergmann frå Sykkylven.

Herøyordførar Arnulf Goksøyr flankert av konserthusdirektør Bjørn Holum og dagleg leiar Fredrik Remøy.

Herøyordførar Arnulf Goksøyr flankert av konserthusdirektør Bjørn Holum og dagleg leiar Fredrik Remøy.

Lokale krefter: Vegard Kvamme Holum på trompet har komponert og arrangert verket «Back Home», som blei utframført med KORK. Elise Nærø og Camilla Frantsen song. Norvald Dahl på flygel.

Lokale krefter: Vegard Kvamme Holum på trompet har komponert og arrangert verket «Back Home», som blei utframført med KORK. Elise Nærø og Camilla Frantsen song. Norvald Dahl på flygel.

Fosnavåg konserthus er min baby, seier Åge Remøy. Det var han som unnfanga ideen om konserthus i Fosnavåg, og no er anlegget offisielt tatt i bruk.

Fosnavåg konserthus er min baby, seier Åge Remøy. Det var han som unnfanga ideen om konserthus i Fosnavåg, og no er anlegget offisielt tatt i bruk.

Rune Bergmann og Leiv Ove Andsnes ler seg skakke av kostymet til Apparatjik-medlem Magne Furuholmen.

Rune Bergmann og Leiv Ove Andsnes ler seg skakke av kostymet til Apparatjik-medlem Magne Furuholmen.

Leses nå:

Kreditorer måtte punge ut for Remøy si siste krill-tokt

Borevisor stiller spørsmål ved om Stig Remøy-selskapet burde reist på sin siste tokt.

Omgangssjuke på sjukeheim: – Har kontroll

Kommuneoverlegen i Herøy opplyser at det er utbrot av Norovirus (omgangssjuke) ved ei sjukeheimsavdeling i Myrvåg.

Fekk vatn i kjellaren

Brannvesenet måtte hjelpe fleire huseigarar som fekk vatn i kjellaren natt til laurdag.

Gjennombrot i Russland for Herøy-selskap:

Slik fekk dei gjennombrot i den russiske markaden

Kontrakt med tre russiske fiskeriselskap for levering av design- og engineeringpakkar for moderne autolinefartøy.

Regionavisa med åtte tilsette er konkurs

Regionavisa som har vore ei gratisavis for kommunane på Søre Sunnmøre har meldt oppbod.