«Havila Subsea» ligg i dag i opplag på Leinøya. I mars skal skipet igjen i arbeid.
(Foto: Staale Wattø)

«Havila Subsea» ligg i dag i opplag på Leinøya. I mars skal skipet igjen i arbeid. Foto: Staale Wattø

Kontrakt til Havila sitt flaggskip

Kontrakt for «Havila Subsea»

– Vi er svært tilfreds, seier adm.dir. Njål Sævik i Havila Shipping.

Måndag morgon melder Havila Shipping at dei har inngått kontrakt med Reach Subsea for subsea-fartøyet «Havila Subsea».

Avtalen for det som er rekna som Havila sitt flaggskip er for ein periode på tre år, med opsjon på to år til.

«Havila Subsea» med eit mannskap på 50 vart lagt i opplag i desember 2015 , og ligg i opplag på Leinøya i Herøy. I fjor forsøkte långjevarar å tvinge fram eit sal av skipet utan å lukkast.

Fornybar energi

Fartøyet, ferdig mobilisert med subsea-utrusting, er forventa å vere klart for operasjon i løpet av mars, opplyser Havila Shipping.

Skipet er utstyrt med ROV, fjernstyrt undervassfarkost, for inspeksjon, vedlikehald og reparasjonar. Reach Subsea, som har hovudkontor i Haugesund, vil mellom anna nytte skipet innan fornybar energi, opplyser Havila i ei pressemelding måndag morgon.

– Vi er svært tilfreds med å bli tildelt denne kontrakten for eit viktig fartøy i ein utfordrande marknad, og ser dette som ei erkjenning av Havila Shipping som ein dyktig operatør og skipseigar. Vi ser fram til samarbeidet med Reach Subsea i dei komande åra, seier adm.dir. Njål Sævik i pressemeldinga.

Les nyheiter frå næringslivet i nordvest på NV24

Meir å lese på Herøynytt:
Leses nå:

Ni får reise frå Murmansk i dag

Ni av mannskapet på den arresterte reketrålaren Remøy i dag startar på heimreisa.

Reketrålar frå Herøy ligg framleis i Murmansk og ventar på å få sleppe fri

Milliontap for «Remøy»

Den fastlåste situasjonen for reketrålaren «Remøy» er dramatisk. Mannskap og reiarlag taper ein halv million kroner i fangstinntekter per dag.

Remøy i russisk arrest skal få nytt mannskap

Organisasjonen Fiskebåt jobber for å bytte ut deler av mannskapet på reketråleren Remøy. Den har ligget i Murmansk siden 10. mai da den ble tatt i arrest.

Person skadd i ulykke

Naudetatane rykker ut til Drageskaret i Sande kommune.