Deltakarane på Sett Sjøbein sin marine student-bootcamp 2017 i Fosnavåg og Ålesund.
            (Foto: Sett Sjøbein)

Deltakarane på Sett Sjøbein sin marine student-bootcamp 2017 i Fosnavåg og Ålesund.Foto: Sett Sjøbein

Stortinget forhandlar om «Sett Sjøbein»

«Sett Sjøbein» er usikre på om dei er med i neste års statsbudsjett.

Regjeringa tok ut løyvinga til Sett Sjøbein på 2,5 millionar kroner, i sitt forslag til statsbudsjett for 2018. Sidan har både KrF og Venstre lagt dei inn igjen i sine alternative budsjett, skriv Fiskeribladet Fiskaren.

– Vi reknar ikkje med å få vite noko før i desember, seier Janita Arhaug, leiar i Sett Sjøbein, til Sunnmørsposten.

Organisasjonen er finansiert over statsbudsjettet med 2,5 millionar kroner, og med to millionar frå næringa sjølv.

Ifølgje Arhaug er det eit stort behov for å synleggjere sjømatnæringa for ungdom.

– Det er mykje mangelfull informasjon om sjømatnæringa blant ungdom, lærarar og foreldre, seier Arhaug etter tre år i jobben.

Får skryt frå departementet

Statssekretær Roy Angelvik (Frp) i Nærings- og fiskeridepartementet er for så vidt raus med rosen av Sett Sjøbein, sjølv om dei vil ta bort støtta:

 – Prosjektet har vore fantastisk bra. Søkarmassen til marine fag er opp på alle trinn. Tala er kjempegode. Så no er vi i mål, i alle fall midlertidig. Då har vi valt å nedprioritere tiltaket i denne omgang, seier Angelvik til IntraFish.

– Dette er eit arbeid som krev kontinuerleg innsats, svarer Arhaug overfor Sunnmørsposten.

Ikkje første gong

Også i 2015 tok den blå-blå regjeringa ut prosjektet i sitt forslag til statsbudsjett, før det vart vidareført etter forhandlingar med KrF og Venstre. No kryssar Arhaug fingrane for at dei to partia igjen får dette til.

Vinnaren av Sett Sjøbein sin marine student-bootcamp 2017

Er dette framtidas måte å kjøpe makrell?

Vakuumpakka, beinfri makrell med ulike smakar skal få nordmenn til å ete makrell til middag.


– Det unike med Sett Sjøbein er at heile breidda av næringa, både fiskeri, havbruk, industrien på land og leverandørindustrien får synt seg fram for ungdomen, seier Janita Arhaug.

– Ungdom og folk flest anar ikkje at det er enormt mange ulike typar jobbar i næringa. Nesten uansett kva dei utdannar seg til så kan dei faktisk sikte seg inn mot ein spanande jobb i sjømatnæringa, seier ho.


Vinnaren av Sett Sjøbein sin marine student-bootcamp 2017

Er dette framtidas måte å kjøpe makrell?

Vakuumpakka, beinfri makrell med ulike smakar skal få nordmenn til å ete makrell til middag.

 
Meir å lese på Herøynytt:
Janita Arhaug i Sett Sjøbein.
            (Foto: Privat)

Janita Arhaug i Sett Sjøbein.Foto: Privat

Leses nå:

Leiteaksjon ved Herøybrua

Redningsskøyte, brannvesen og helikopter i aksjon ved Herøybrua seint laurdag kveld.

Årets Gaselle i Møre og Romsdal

RS-Systems fra Fosnavåg er årets gaselle-bedrift i Møre og Romsdal.

Uavklart for «Sett Sjøbein»

«Sett Sjøbein» er usikre på om dei er med i neste års statsbudsjett.

Mykje torskeyngel i nord

Etter to labre år er det no mykje torskeyngel i Barentshavet, melder Havforskningsinstituttet.

Opsjon for «Havila Clipper»

Mærsk Olie og Gas har, ikkje uventa, erklært seks månaders opsjon for PSV-fartøyet «Havila Clipper», melder Havila Shipping onsdag morgon.

Til sjukehus i helikopter:

Falt under arbeid med brusøyle