
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Ålesund - noregs vakraste by På Dagbladet.no har ein i det siste hatt høve til å stemme på kva by som er noregs vakraste. I går stod vinnaren klar, nemleg «sunnmørshovudstaden» Ålesund. Fosnavåg kom på 29. plass i tevlinga.
Det var 95 byar som ville smykke seg med tittelen som «Noregs vakraste by». Heile 48 000 stemmer vart registrerte, og Ålesund vann med 25,7% av stemmene overlegent over andreplassen Bergen, som hadde 18,1% av stemmene. - Sjølvsagt er vi kjempestolte over å ha vunne, sa Bente Saxon i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre til smp.no i går. Saxon sa også at denne tittelen er noko ein vil nytte i marknadsføringa av Sunnmøre. - Kanskje det er viktigast i forhold til norske turistar. Det er klart at mange vil ynskje å sjå Noregs vakraste by. Fosnavåg vakrast på søre Ikkje berre storbyane var med i tevlinga, men også Fosnavåg og Ulsteinvik var med i kampen om å bli noregs vakraste. Fosnavåg kom på 29. plass, mens Ulsteinvik kom på 44. plass. ![]() Fosnavåg kom på 29. plass i tevlinga på Dagbladet.no. « Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
ANNONSER |
||||
![]() |
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.
Kontoradresse: Holmsildgata 1, 6090 Fosnavåg
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg
Utgjevarselskap: Herøynytt AS
|