
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Magne Furuholmen tilbake på Flø Multikunstnar Magne Furuholmen er tilbake på bygda. No stiller han ut ferske oljemaleri ved Studio Hugo Opdal i Ulsteinvik.
Multikunstnar og musikar Magne Furuholmen er igjen attende ved Studio Hugo Opdal på Flø utanfor Ulsteinvik. Utstillinga som inneheld oljemaleri frå serien «Camera» er åpen frå 30. august til 20. september. Nokre av bileta er tidlegare i år stilt ut ved Galleri Trafo i Asker.Verdsstjerna er i desse dagar travelt oppteken med plateutgiving og konsertar med a-ha. Det er difor ikkje bestemt om multikunstnaren har moglegheit til å åpne utstillinga sjølv. Studio Hugo Opdal vart åpna i 2007 og vert drive av Hugo Opdal. Galleriet ligg i ei gamal skulestove på Flø, og lokala inneheld òg ein Moods of Norway-butikk. Same dag som kunstutstillinga åpnar - startar salet av den nye haust- og vinterkolleksjonen frå moteverda sine gladaste gutar - The Cocktail Travel Collection. Furuholmen har saman med dei andre a-ha-medlemmane - Morten Harket og Paul Waaktaar-Savoy - fleire gonger kledd seg i dei stilige dressane frå Moods, blant anna på coveret til suksessbandet sitt nyaste album. Galleriet stiller også ut fleire bilete som den kjende «rockefotografen» Stian Andersen har teke av den norske supergruppa. Kunstneren har også tidlegare hatt utstilling hjå Studio Hugo Opdal. - Noko av årsaka til at eg samarbeidar med Hugo er at han på mange måtar driv eit kunstgalleri mot alle odds ved å være plassert her ute. Likevel er han kompromisslaus når det gjeld kvalitet, seier Furuholmen. I fjor heldt Furuholmen si så langt mest konseptuelle utstilling på Flø. Under ANTICLIMAX pakka kunstnaren like godt inn hele lokalet, ein iglo og fleire snømenn med aluminium. Som ein kommentar til klimadebatten fekk publikum fylgje med på korleis skulpturane smelta inne i det intime lokalet. Utstillinga var ei forlenging av arbeidet med CLIMAX-skulpturen som vart avduka av fredsprisvinnar Al Gore ved Nobels Fredssenter i Oslo i 2007. « Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
ANNONSER |
||||
![]() |
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.
Kontoradresse: Holmsildgata 1, 6090 Fosnavåg
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg
Utgjevarselskap: Herøynytt AS
|