|
«Kvalskjær» på oppryddingstokt Herøytrålaren «Kvalskjær» har blitt innleigd av Fiskeridirektoratet for å rydde "spøkelsesgarn", og så langt har om lag 100 garn blitt plukka opp.
«Kvalskjær» har jobba seg sørover og har no kome til Vesteråls-Egga.
- Så langt har vi teke opp om lag 100 garn av ulik alder, dessutan trålposar og liner, seier toktleiar for Fiskeridirektoratet si opprydding av spøkelsesgarn, Gjermund Langedal til Bladet Vesterålen. – Vi får elles opp både oljebukser, støvlar, hanskar og ein gensar. Ein gong fekk vi opp ein stor leiketraktor, som nok høyrte heime i ei eller anna sandkasse. Langedal oppmodar fiskarar som kjenner posisjonar på tapt bruk om å melde frå straks til direktoratet, eller gjerne direkte om bord til «Kvalskjær». Skjult beskatning Tapte garn som står att på havbotnen utgjer ein betydeleg skjult beskatning på fiskeressursane. Problemet går under benevninga «spøkelsesfiske». I over 20 år har Noreg drive årleg opprydning av tapte fiskereiskap på dei mest intensive garnfelta. Erfaringar viser at garn kan vere fiskbare i minst sju år etter at dei er tapt. « Tilbake |
|
ANNONSER |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
![]() |
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.
Konstituert redaktør er Anne Gry Eilertsen.
Utgjevarselskap: Herøynytt AS
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg
|