![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Februarutstillar i minigalleriet I februar er det Marit S. Moldskred og Aina Moldskred Krakset som er gjesteutstillarar på minigalleriet hjå EogE.
Marit S. Moldskred er i hovudsak landskapsmålar. Ho skildrar ofte kystmotiv frå søre Sunnmøre i akryl, gjerne med utradisjonelle fargar og uttrykk. Ofte finn ein fyra langs Sunnmørskysten på bileta hennar. Ho har hatt fleire separatutstillingar, og verka hennar er mellom anna kjøpt av fleire reiarlag til utsmykking av båtar. Aina Moldskred Krakset sitt utrykk er naivistisk og fargesterkt. Ho målar ofte fantasifulle dyr, gjerne med tekst som understrekar symbolikken i biletet. Saman med familia driv ho opplevingsgarden Hakallegarden på Hakallestranda, der ho og Marit har fast utstilling. Dei to driv også Krukkehuset i Ulsteinvik, der dei stiller ut saman med andre lokale biletskaparar. Februarutstillinga opnar laurdag 30. januar med kunstnarar tilstades.
« Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
ANNONSER |
||||
![]() |
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.
Kontoradresse: Holmsildgata 1, 6090 Fosnavåg
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg
Utgjevarselskap: Herøynytt AS
|