![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Framleis svak spotmarknad Årsresultatet til Havila Shipping ASA i 2009 på 605 mill. kroner er over det dobbelte i høve til året før.
Totalte tente Havila Shipping ASA 901,2 millionar kroner i 2009, mot 1122,5 millionar kroner året før, der 311,8 millionar kroner var sal av anleggsmidlar. Driftskostnadane for 2009 vart 453,5 millionar kroner, noko som inkluderar tilbakeleigekostnadar for Havila Mercury og Havila Mars på 108,7 millionar kroner. Dette er omlag 70 millionar kroner meir enn i 2008, og auka i driftskostnadane skuldast i hovudsak at konsernet har fleire farty i drift. Netto finansinntekter utgjorde 288,7 millionar kroner i 2009, mot -391,6 millionar kroner året før, og inkluderar gevinst ved innløysning av eit obligasjonslån på Island på 128,9 mill. Vidare er netto finanspostar positiv i 2009 som følgje av urealisert agio på anna gjeld i utanlandsk valuta og positiv verdiendring på derivater. Resultat før skatt vart 605,3 millionar kroner i 2009, mot 259,4 millionar kroner året før. Skattekostnaden for 2009 utgjer 119,1 millionar kroner, mot -47,5 millionar kroner året før. Konsernet si subsea-flåte er ikkje underlagt den norske reiarlagbeskatningsordninga i dag. - Finansdepartementet er oppmoda til å vurdere på nytt kva type spesialfartøy innan offshore som vert kvalifisert for reiarlagbeskatningsordninga. Ein uttalelse frå Finansdepartementet vil kunne redusere skattekostnaden for 2009, dersom nye fartøy fell inn under ordninga, heiter det i ei børsmelding frå Havila Shipping ASA. Ved årsskiftet hadde reiarlaget 22 fartøy i drift, inklusiv driftsavtale for tre fartøy som er eigd av selskap utanfor konsernet. Fire av fartøya vert operert av selskapet Posh Havila Pte Ltd i Singapore. - Spotmarknaden for offshoreservice-fartøy var svak også gjennom fjerde kvartal. Dagrater har vore lave og overkapasitet har medført lav utnyttelse både for forsyningsskip (PSV) og ankerhandteringsfartøy (AHTS). Av eigne fartøy var to PSV og to AHTS i spotmarknaden gjennom kvartalet. Utnyttinga har vore akseptabel i delar av kvartalet. Konsernet har no som mål å oppnå lengre kontraktar for fleire fartøy som no går i spotmarknaden, melder konsernet. « Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
ANNONSER |
||||
![]() |
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.
Kontoradresse: Holmsildgata 1, 6090 Fosnavåg
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg
Utgjevarselskap: Herøynytt AS
|