![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Klatra seg opp til 3. plass Damelaget til Bergsøy handball vann begge kampane dei spelte i helga, og dermed er laget oppe på 3. plass på tabellen.
Bergsøy møtte laurdag Langevåg i Sulahallen. Heimelaget kom best i gang og midtvegs i første omgang var dei oppe i 3-målsleiing. Bergsøy korrigerte forsvarsspelet og kom betre med. Langevåg leia 11-10 med pause. Etter pause tok Bergsøy over og var på det meste oppe i 6 målsleing. Tilslutt vart stillinga 24-20 til Bergsøy. Toppskårar vart Kristine Håheim Vike med 7 mål. Siv Vestnes og Gitte Voldsund 5mål, Gunn Renate Berge 2 mål. Rhodaline Akogyream, Anne Steinsvik, Linda Espeseth og Hege B. Uri alle 1 mål. Søndag var det klart for å ta imot topplaget Herd i Herøyhallen. Herd stiller med eit rutinert lag. Der yngste spelar var 30 år. Dei prøvde å halde tempoet i kampen nede, men Bergsøy sine unge spelarar hadde kontroll gjennom heile kampen. Ved pause var stillinga 7-6 og tilslutt stod det 20-16 til Bergsøy. I denne kampen var det følgande spelarar som stod for måla: Fride Goksøyr 6 mål, Amalie Nykrem 5 mål. Kristine Vike 4 mål, Gitte Voldsund 2, Gunn Renate Berge, Hege Bakkevoll Uri og Linda Espeseth 1 kvar. « Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
ANNONSER |
||||
![]() |
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.
Kontoradresse: Holmsildgata 1, 6090 Fosnavåg
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg
Utgjevarselskap: Herøynytt AS
|