![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Tango for to på kulturhuset Forestillinga «Tango for To – på Alf Prøysens Kafé» med Inger Lise Rypdal og Viggo Sandvik har fått strålande kritikk, og 17. februar kjem forestillinga til Herøy kulturhus.
Inger Lise Rypdal og Viggo Sandvik la hausten 2009 ut på turne i Noreg. Saman med resten av ensamblet i den kritikarrosa forestillinga ”Tango for To – på Alf Prøysens Kafé”, har dei gjort nærare 30 opptrednar rundt om i landet. Forestillinga som fekk strålande mottaking etter premieren på Christiania Teater i fjor haust, har allereie rukket å spele to sesongar i Oslo før resten av landet sto for tur. ”Tango for To” består av fire handplukka artistar, alle med røtter frå Mjøsa-traktene, samt eit femmanns-orkester. Inger Lise Rypdal og Viggo Sandvik er kjente for dei fleste. Mindre kjente - enn så lenge - er Ann Kristin Aannerud og Hans Esben Gihle Ann Kristin Aannerud ble kåret til Noregs fyrste Prøysenambassadør i 2004. Hans Esben Gihle har lang fartstid frå Oslo Gospel Choir, men viser her nye talent og syt for fleire latterbomber med sine elleville rolletolkningar. Gilhles komikartalent som her kjem til uttrykk har no gitt ham ein velfortent nominasjon til Komiprisen 2009 for Årets gjennombrot. « Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
ANNONSER |
||||
![]() |
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.
Kontoradresse: Holmsildgata 1, 6090 Fosnavåg
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg
Utgjevarselskap: Herøynytt AS
|