![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Innhaldsrik kulturmønstring Jenny Mari Bøe fekk målprisen og Sebastian Kvalsvik Frøystad fekk ungdomens kulturpris.
Klikk her for fotoarkiv Nok ei vellukka mønstring fann stad på Herøy kulturhus i helga. Laurdag ettermiddag hadde ungdom og spente foreldre funne seg plassar i festsalen for å lytte til flott song, sjå på dans eller handtering av eit musikkinstrument. ![]() Sebastian Kvalsvik Frøystad mottek ungdomens kulturpris. Kvart einaste sceneinnslag fekk stor applaus og kvaliteten på samtlige sceneinnslag var særs høg. Av dei som utmerka seg var det særleg Jenny Mari Bøe som hadde nytta ein melodi av Marilyn Manson og laga eigen tekst til. Herøy Mållag velde ut hennar innslag som vinnar av målprisen 2010 saman med eit gavekort på 1.000 kroner. Sjå bilete av dette og alle sceneinnslag i vårt fotoarkiv. Sebastian Kvalsvik Frøystad vart årets kulturprisvinnar. Diplom og pengegåve på 5.000 kroner vart høgtideleg delt ut av ordførar Arnulf Goksøyr. ![]() Soul Sisters song Lady Marmelade. Hiphop dans utført av gruppa Awoso gjorde og inntrykk med stor variasjon i innslaget og fullt trøkk frå start til slutt. Judo utført av Stirg Martin Nerlid Fasting og Felix Moniz var også eit populært innslag med masse fart og spenning. ![]() Heile 15 av årets 20 sceneinnslag inneheldt song og kvaliteten hjå alle var særs høg. Klikk her for fotoarkiv « Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
ANNONSER |
||||
![]() |
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.
Kontoradresse: Holmsildgata 1, 6090 Fosnavåg
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg
Utgjevarselskap: Herøynytt AS
|