![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Oddny Vedde Reknes i Minigalleriet til EogE i mars Laurdag opnar Oddny Vedde Reknes frå Langevåg gjesteutstillinga si i minigalleriet til EogE i Fosnavåg.
Vedde har vore fast utstillar hos EogE sidan oppstarten av galleriet i 2006. - Ho har fenga, rørt og behaga mange med bileta sine sida den gongen og mange har blitt selde. No vil vi tilby henne minigalleriet slik at vi kan få sjå eit større spekter av kva ho gjer, opplyser Edith Kvalsund i EogE. Vedde har malt både i akvarell og olje, men malar no i akryl, naturalistisk og abstrakt. Ho har dei siste somrane gått kurs i abstrakt maleri. Noko som er ein heilt annan måte å male på. - Utfordrande med komposisjon, men veldig kjekt å prøve noko nytt, fortel malaren. Vedde har atelier i Ålesund. Ho har tidlegare deltatt i Midt-nordisk kunstfestival - juryerte verk, i 2008 og 2009 og har elles deltatt på fellesutstillingar og separatutstillingar. No synest ho det blir spanande å stille ut i minigalleriet til EogE. Bileta blir hengande til Liv Strand Hareide tek over 20. mars. Utstillinga til Marit Moldskred og Aina Moldskred Kragset vil henge til fredag 26. februar. « Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
ANNONSER |
||||
![]() |
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.
Kontoradresse: Holmsildgata 1, 6090 Fosnavåg
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg
Utgjevarselskap: Herøynytt AS
|