![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Bok-slepp på Flø Designbyrået Bleed skal lansere boka «Hunger» ved Studio Hugo Opdal, samstundes opnar galleriet utstilling med grafiske verk frå boka.
Boka «Hunger» er på mange måtar ei oppsummering av dei ti åra selskapet Bleed har eksistert. Samstundes som den har eit tydeleg fokus på framtida. Sju designarar har fått boltre seg med utgongspunkt i tittelen på prosjektet. Det har resultert i over to hundre sider med ei stor spennvidde av grafiske uttrykk. Boka er tenkt som ei inspirasjonsbok for menneske med interesse for design og tilknytning til bransjen. Utstillinga i galleriet vil innehalde orginalarbeid henta frå motiv i boka. - Eg likar godt arbeidet Bleed gjer og håpar utstillinga vi gje publikum eit innblikk i tankegongen til designarar i toppklasse. Samstundes føyar den seg inn i filosofien om å gi folk utanfor dei store byane noko dei vanlegvis ikkje får oppleve ved eit galleri, seier innehavar Hugo Opdal. Seinare i år er det planlagt tre utstillinga ved Studio Hugo Opdal med biletekunstnarane Nico Widerberg, Ørnulf Opdahl og Håvard Vikhagen. I juni vert det arrangert kunstivalen «Go With the Flø», der mellom anna den verdskjende kunstnaren Damien Hirst skal stille ut. ![]() Motiv frå boka «Hunger». « Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
ANNONSER |
||||
![]() |
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.
Kontoradresse: Holmsildgata 1, 6090 Fosnavåg
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg
Utgjevarselskap: Herøynytt AS
|