Franzefoss gjenvinning i Saunesmarka meldte tysdag om at ei sju tonn tung kran til ein verdi av ein halv mill. kroner var blitt stelt.
Publisert av: Herøynytt, tirsdag 02. mars 2010
Krana som har blitt stelt er raud med kvitt rammeverk. Politiet sin operasjonssentral opplyser til smp.no at den er blitt løfta av ein lastebil, og at gjerningspersonane såleis visste kva dei var ute etter.
Operasjonsleiar Trygve Ødegård seier at dei har få spor å gå etter og ber publikum om tips.