![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Fersk fisk i Fosnavåg Komande laurdag blir det fisketorg med fersk torsk og boknasild i Fosnavåg. Butikkane er klare med fargerike vårmotar og mykje fint til påska.
Bergsøy Fotball arrangerer fisketorget i år også, og Herøy Kystlag er klar med årets boknasild av ypparste kvalitet som vanleg. Fisketorget på allmenningen er populært, og det oppfordrast til å vere tidleg ute. Av erfaring veit arrangørane at salet går raskt unna. Kystlaget takkar Fosnavåg Seafood for sponsing av sild og ønskjer alle boknasildelskarar velkomne til Fosnavåg! Vårmotar i Fosnavåg Butikkane i Fosnavåg er klare til å ta imot kundar med friske fargar no når våren står for tur. Benytt sjansen til å fornye garderobe og heim i vår koselige kystby. Påska er rett rundt hjørnet og her ute i havgapet kan du finne mykje fint å friske opp heimen med. ![]() (Foto: Vestlandsnytt) Frå venstre: Asbjørn Almestad frå Herøy Kystlag, Lene Moen Karlsen frå Herøy Næringsforum, Trond Hasfjord frå Bergsøy Fotball og Per Ove Djupvik frå Herøy Kystlag håpar folk tek turen til Fosnavåg i helga. « Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
ANNONSER |
||||
![]() |
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.
Kontoradresse: Holmsildgata 1, 6090 Fosnavåg
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg
Utgjevarselskap: Herøynytt AS
|