![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Syklar Noreg rundt for kreftsaka Onkelen og bestefaren tapte kampen mot kreft i fjor. Laurdag la Christoffer Endresen Remøy (18) frå Fosnavåg ut på sitt livs reise, til inntekt for kreftsaka.
![]() Christoffer Endresen Remøy (18) syklar Noreg rundt for kreftsaka. Foto: Jørgen Kopperstad Christoffer Endresen Remøy (18) frå Fosnavåg skal sykle Noreg rundt til inntekt for Den norske kreftforening, ein tur på omlag 5300 kilometer. Den ekstreme sykkelturen startar i Fosnavåg. Turen går fyrst til Lindesnes før han legg i veg mot Nordkapp. Derifrå skal han sykle heim att til Fosnavåg. Før han la i veg frå Fosnavåg laurdag ettermiddag fekk Herøynytt snakke med den godt førebudde syklisten. Endresen har lagt opp til etappar på 15-20 mil som han skal sykle kvar dag. I dette tempoet vil turen ta omlag 40 dagar med kviledøgn. Bjørg Anne Aanekre var ein av dei mange som møtte opp får å ønskje Christoffer lykke til. Ho er tilsett som spesialkonsulent og aksjonsleiar i kreftforeininga. Ho seier at kampen mot kreft er heilt avhengig av menneske som Christoffer, som verkeleg gjer ein innsats for at kreftforskninga skal gjere framsteg. Mista sin beste ven Motivasjonen til den ambiøse innsamlingsaksjonen fekk Christoffer når han i mars i fjor mista bestefaren sin. Hans beste ven, som han sjølv har valt å beskrive han. Berre ein månad seinare mista han ein kjær onkel. Målet med turen er å samle inn ein million kroner. Allereie før han sette seg på sykkelen laurdag var det samla inn 300.000 kroner. TV 2 har sagt at dei vil lage 4-5 reportasjar frå Christoffer si ferd gjennom Noreg. Desse vil bli vist under sendingane frå Tour de France i juli. I tillegg vil det kome daglege oppdateringar på heimesida til Christoffer. Støtte frå kommunen Norge rundt for kreftsaka vart ein del av årets Maritim Sommarfestival. Før han la ut på turen overrekte ordførar Arnulf Goksøyr ein sjekk på 50.000 kroner frå Herøy kommune. Ein stolt pappa Odd Inge Endresen vil køyre saman med Christoffer, og etter tre veker slår ein minst like stolt mor følgje med sonen. ![]() Medlemmar frå Ulstein og omegn sykkelklubb slo følgje på dei fyrste kilometarane til Christoffer. Foto: Jørgen Kopperstad ![]() Stolt pappa: Odd Inge Endresen følgjer sonen Christoffer på den fleire tusen kilometer lange ferda. Foto: Jørgen Kopperstad « Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
ANNONSER |
||||
![]() |
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.
Kontoradresse: Holmsildgata 1, 6090 Fosnavåg
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg
Utgjevarselskap: Herøynytt AS
|