![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Storfilm med heimelege kulisser Dersom alt går etter planen får filmprodusent Linda Sætre frå Gursken oppfylt draumen om å spele inn storfilm i heimelege traktar.
Linda Sætre frå Gursken er busett i New York der ho driv selskapet Saetre Film. Ho ønskjer no å spele inn storfilm med mellom anna Herøy og Ålesund som kulisser. Takka være gåvemidlar, samt lokale og regionale investorar er halvparten av budsjettert for filmen på plass. I tillegg har kinodistributøren skrive ei intensjonsavtale med Saetre Film. Den prisbelønna regissøren Espen Solberg skal regissere filmen, som får «Geography of the Hapless Heart». I tillegg vert bror hans, Ari Behn å finne i ei minirolle. I følgje smp.no vil dei lokale scenene ta omlag ei veke å filme, og innspelinga vil sysselsette omlag 40 personar. - Vi er framleis avhengig av goodwill fra industrien i regionen. Vi er litt skuffa over at vi ikkje har funne midlar i Ålesund enno, då dette er glimrande reklame for byen. Spesielt i høve til den effekta vi såg Malstrøm hadde på turisttilstrauminga til Ålesund, seier Leif Johan Holland, som han ansvar for budsjett og økonomi, til smp.no. « Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
ANNONSER |
||||
![]() |
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.
Kontoradresse: Holmsildgata 1, 6090 Fosnavåg
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg
Utgjevarselskap: Herøynytt AS
|