Annonse

Diskusjon

Kulturkalender

Annonser

Skipstrafikken

Nettkamera

Veret


AKTUELT

Kultur
Maritimt nytt
Meiningar
Nyhende
Politikk
Reportasjer
Sport
Sommarfestival
Finn artikkel:
TENESTER

Diskusjon
Fotoarkiv
Kulturkalender
Lenker
Marknadsplassen
Nettkamera
Om Herøy
Skipstrafikken
Vervarsel
MARITIMT

Fiskesalslag
Nyhende
Skipsliste
Skipstrafikk
HERØYNYTT

Annonsering
Kontakt oss
Om Herøynytt
Opphavsrett
Tips oss
NETTKAMERA









 
SISTE NYTT

• Friskluftkonsert for miljøet (05.09.2010)
• Unge prisvinnarar (04.09.2010)
• – Vi må ete meir fisk (04.09.2010)
• Utnemnte fiskepionér til æresmedlem (03.09.2010)
• Maritim kafé i Fosnavåg (03.09.2010)
• Bygdefoket tek over Bø skule (03.09.2010)
• Første offshorefartøy frå Kleven (02.09.2010)
• Wenche Myhre-konsert avlyst (02.09.2010)
• Fengsel for grov vald (02.09.2010)
• Nye makrellsprell i helga (01.09.2010)
KALENDER



Storinnrykk i fineveret:
Folkevandring til Runde

- Kolossalt med folk, seier campingdrivar Knut Asle Goksøyr.

Publisert av: Herøynytt,  mandag 26. juli 2010



Mange menneske fann vegen til Runde i løpet av den siste helga. Særleg sundagen var ein god dag for dei som lev av turistbesøket ut mot fuglefjellet.

- Det var kolossalt med folk i fjellet og vi hadde om lag 200 overnattingsgjestar, fortel Knut Asle Goksøyr som  driv Goksøyr Camping på øya.

- På det jamne

Godt besøk gjer godt for ein hardt prøva turistnæring. Men trass finanskrise og labert sommarver meiner Goksøyr besøket for heile sesongen vert på det jamne.

På ein vanleg sesong har plassen om lag 10-12.000 gjestedøgn.

- Det har ein tendens til å jamne seg ut, men då veret stod på som verst måtte me sende frå oss folk. Det var nesten ikkje råd å sette opp telt på grunn av flaum, held han fram.

Færre frå øst og sør
På grunn av vanskelege økonomiske tider fleire stader på kontinentet, merkar campingdrivarane ei viss endring i besøket.

- Det er færre sør- og østeuropearar, og litt færre tyskarar. Vi har 15-17 nasjonalitetar på besøk kvar dag, og dei tysktalande er framleis i fleirtal, seier Goksøyr.

Frå Sveits
Oppe i fjellsida møter Herøynytt familien Röthlisberger frå Sveits som har vore to veker i Norge allereie. Etter å ha vore i Bergen, Oslo og Sognefjorden er dei imponert over Runde.

- Vi kjem fyrst og fremst for å sjå fuglane, fortel Helen.

- Utsikta er flott, meiner sonen Daniel.

Familien leita seg fram til Runde-besøket på internett.

- Vi har ikkje slike fuglefjell og landskap heime i Sveits, avsluttar familiefaren Daniel.


runde turister
Familien Röthlisberger frå Sveits (t.v.) er mellom dei som har teke turen til Runde dei siste dagane.





Tips ein bekjent om denne saka:
Til:    Frå:   

« Tilbake


MEININGSMÅLING

Ingen aktive meiningsmålingar.

ANNONSER




     
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.

Kontoradresse: Holmsildgata 1, 6090 Fosnavåg
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg

Utgjevarselskap: Herøynytt AS