![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Klar for innspurten - Bli med på sjarmøretappen! Etter å ha sykla inn meir enn 700.000 kroner Norge rundt, kjem Christoffer Remøy Endresen tilbake til Fosnavåg på onsdag.
![]() Onsdag ettermiddag er Christoffer Remøy Endresen (19) tilbake i Herøy etter å ha sykla om lag 5300 kilometer på si ferd rundt rundt om i Norge. Mykje støtte Oppslutninga om innsamlinga til inntekt for Den norske kreftforening har vore enorm. Alle stader herøyværingen har vore på si ferd Fosnavåg-Lindesnes-Nordkapp-Fosnavåg, har det vanka støttande ord, pengebidrag og gratis kost og losji. Tysdag kveld fortel Christoffer på nettstaden www.norgerundt.com at det har komen inn meir enn 700.000 kroner i løpet av dei om lag fem vekene han har vore på landevegen. - Det har vore ein fantastisk reise, og eg har lært mykje, sett mykje og tenkt ein god del, skriv han. Sykle med Christoffer No ønskjer han og Ulstein og Omegn Sykkel klubb at så mange som muleg vert med å sykle dei siste kilometrane frå Hareidlandet og ut til Fosnavåg. - Håpar at så mange som råd kan bli med på sjarmøretappen heim, skriv han på nettsida. Christoffer kjem til Hareid klokka 15. Deretter skal han etter planen vere på «Pekas» i Myrvåg klokka 16 og ved Lanternen klokka 16.30. Ein halv time før avgang på kvar plass vil det sitte personar som tek i mot pengar til inntekt for kreftsaka. I Fosnavåg vert det mottaking med TV 2 og ordførar Arnulf Goksøyr til stades. « Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
ANNONSER |
||||
![]() |
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.
Kontoradresse: Holmsildgata 1, 6090 Fosnavåg
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg
Utgjevarselskap: Herøynytt AS
|