Annonse

Diskusjon

Kulturkalender

Annonser

Skipstrafikken

Nettkamera

Veret


AKTUELT

Kultur
Maritimt nytt
Meiningar
Nyhende
Politikk
Reportasjer
Sport
Sommarfestival
Finn artikkel:
TENESTER

Diskusjon
Fotoarkiv
Kulturkalender
Lenker
Marknadsplassen
Nettkamera
Om Herøy
Skipstrafikken
Vervarsel
MARITIMT

Fiskesalslag
Nyhende
Skipsliste
Skipstrafikk
HERØYNYTT

Annonsering
Kontakt oss
Om Herøynytt
Opphavsrett
Tips oss
NETTKAMERA









 
SISTE NYTT

• Friskluftkonsert for miljøet (05.09.2010)
• Unge prisvinnarar (04.09.2010)
• – Vi må ete meir fisk (04.09.2010)
• Utnemnte fiskepionér til æresmedlem (03.09.2010)
• Maritim kafé i Fosnavåg (03.09.2010)
• Bygdefoket tek over Bø skule (03.09.2010)
• Første offshorefartøy frå Kleven (02.09.2010)
• Wenche Myhre-konsert avlyst (02.09.2010)
• Fengsel for grov vald (02.09.2010)
• Nye makrellsprell i helga (01.09.2010)
KALENDER



Fullførte Norge rundt-turen:
Tårevåt heimkomst

Christoffer Remøy Endresen vart møtt av jubel, norske flagg og ein heil del tårar. Men den han sakna mest var ikkje der.

Publisert av: Herøynytt,  onsdag 28. juli 2010



Ikkje noko tvil om kven som var den mest populære karen i Fosnavåg sentrum onsdag. Christoffer med niesen Linnea (2) på armen.

Halve Fosnavåg var på beina då Christoffer Remøy Endresen frå Remøya kom heim etter 40 dagar på sykkelsetet til støtte for Den Norske kreftforening.

Då han suste ned i Vågen med armane i været hadde han lagt bak seg om lag 5500 kilometer på ruta Fosnavåg-Lindesnes-Nordkapp-Fosnavåg.

- Det har vore ein fantastisk tur, sa Christoffer og måtte tørke ei tåre då han takka for støtta og frammøtet frå scena på allmenningskaia.

- Enkelt å støtte
Han var ikkje den einaste som vart rørt på kaia denne kvelden, og det var ingen tvil om kven som var den mest populære karen på kaia denne kvelden. Dei vaksne ville gratulere og de yngste ville ha autograf.

(Artikkelen held fram under bilete)


Christoffer vert intervjua av TV 2 etter ankomsten i Fosnavåg. Kanalen har laga fleire reportasjar om turen i samband med Tour de France.

Mellom dei som gratulerte, var Åge Remøy frå Rem Offshore som har vore hovudsponsor for turen.

- Det var enkelt å seie ja til å vere med å støtte noko slikt, fortalde reiaren og påpeika at kreft er noko som vedkjem dei aller fleste menneske.

Christoffer bestemde seg for å gjennomføre den ekstreme turen etter at han mista bestefaren og ein onkel til kreftsjukdomen. Fleire lokale bedriftar har støtta prosjektet og TV 2 har synt reportasjar om turen i samband med Tour de France.

(Artikkelen held fram under bilete)


Heile turen har Christoffer møtt på lokale syklistar som har hengt seg på.

Lokale syklistar
Mange plassar har Christoffer hatt følgje av lokale syklistar, og det var ikkje noko unntak i heimdistriktet. Med seg på siste etappen hadde han ein hale med lokale syklistar. Ein av desse var Odd Kåre Wiik frå Gursken.

- Eg ønskja å vise mi støtte til ei god sak og audmjukheit for det Christoffer har gjort. Å tenkje det er ein ting, men å verkeleg gjere det; slikt står det stor respekt av. Eg høyrde leiaren for Ulstein og omegn sykkelklubb hadde sagt at Christoffer dro som ein gut og kom tilbake som ein mann. Det kan eg berre skrive under på, seier syklisten til Herøynytt.

Saknar kjærasten
Christoffer kom til Sunnmøre og Sjøholt tysdag, og starta den siste etappen derifra klokka 12 onsdag. Då han ankom Hareidlandet vart det politieskorte og stadig fleire medsyklistar.

(Artikkelen held fram under bilete)


Allereie ved Frøystad vart Christoffer møtt av fleire onklar og andre slektningar som stod klare med flagg og hurrarop.

19-åringen fortel til Herøynytt at den første tåra kom allereie på Dragsundbrua.
 
- Da eg såg kommuneskiltet gjekk det verkeleg opp for meg at eg var heime.

-Er du sliten no?
-Hehe, eg kan godt seie det, men eigentleg ikkje. Med ei slik mottaking og så mykje positiv respons, får eg snarare energi.

I løpet av turen har han sykla om lag 15 mil i gjennomsnitt kvar dag. Mykje av turen har vore gjennomført i dårleg ver, men elles har han ikkje hatt uhell å snakke om.

(Artikkelen held fram under bilete)


Ordførar Arnulf Goksøy i Herøy var mellom dei mange som hadde møtt opp for å heidre 19-åringen.

-Kven har du sakna mest på turen?
- Det er kjærasten Charlotte. Dessverre er ho på ferie med foreldra i Tyrkia, svarar han med ein kort latter.

Men onsdag var det óg godt å så venner og familie.
-No skal eg heim, slappe av og sove i mi eiga seng. Det vert litt rart, fortel han.

Lært mykje
Ein som har vore med på heile turen er far, Odd Inge Endresen, som har køyrt følgjebilen. Han er full av beundring for det sonen har gjort.

(Artikkelen held fram under bilete)


Ved dette rattet har far til Christoffer, Odd Inge Endresen, oppheldt seg mykje dei siste fem vekene. Speedometeret syner at han har køyrt heile 6405 kilometer. Bak er Christoffer si syskenbarn, Sara.

- Han har gjort ein fabelaktig jobb og det har vore ein fantastisk oppleving. Eg trur Christoffer har lært meir på 40 dagar, enn eg har lært i 49 år. Eigentleg er det fedrane som skal lære opp sine søner, men desse dagane er det han som har lært meg mykje, seier Odd Inge.

Delar av turen har også mor til Christoffer vore med.

- No er målet nådd. Eg trur eg kjem til å føle meg litt tom i morra, seier faren.

Mål om ein million
Christoffer veit ikkje enno om dei vil nå målet med å samle inn ein million kroner. Tidlegare i veka hadde dei komen til 700.000 kroner.

(Artikkelen held fram under bilete)


Torgeir Myklebust Stenersen (8) sikra seg autograf.

- Det vert spanande å sjå når vi har rekna saman utgiftene og aksjonen er over den 10. august, seier han.

Han er overvelda over støtta han har møtt rundt i landet. Overalt har dei fått gratis mat, bensin, overnatting og reine kronebidrag.

Les meir om turen på nettstaden www.norgerundt.com


Roar Skoglund var auksjonarius i sentrum etter mottakinga av Christoffer.


Tips ein bekjent om denne saka:
Til:    Frå:   

« Tilbake


MEININGSMÅLING

Ingen aktive meiningsmålingar.

ANNONSER




     
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.

Kontoradresse: Holmsildgata 1, 6090 Fosnavåg
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg

Utgjevarselskap: Herøynytt AS