Annonse

Diskusjon

Kulturkalender

Annonser

Skipstrafikken

Nettkamera

Veret


AKTUELT

Kultur
Maritimt nytt
Meiningar
Nyhende
Politikk
Reportasjer
Sport
Sommarfestival
Finn artikkel:
TENESTER

Diskusjon
Fotoarkiv
Kulturkalender
Lenker
Marknadsplassen
Nettkamera
Om Herøy
Skipstrafikken
Vervarsel
MARITIMT

Fiskesalslag
Nyhende
Skipsliste
Skipstrafikk
HERØYNYTT

Annonsering
Kontakt oss
Om Herøynytt
Opphavsrett
Tips oss
NETTKAMERA









 
SISTE NYTT

• Friskluftkonsert for miljøet (05.09.2010)
• Unge prisvinnarar (04.09.2010)
• – Vi må ete meir fisk (04.09.2010)
• Utnemnte fiskepionér til æresmedlem (03.09.2010)
• Maritim kafé i Fosnavåg (03.09.2010)
• Bygdefoket tek over Bø skule (03.09.2010)
• Første offshorefartøy frå Kleven (02.09.2010)
• Wenche Myhre-konsert avlyst (02.09.2010)
• Fengsel for grov vald (02.09.2010)
• Nye makrellsprell i helga (01.09.2010)
KALENDER



Norge rundt for kreftsaka:
Innsamlinga held fram

Reiartilsette trakkar til - og no har Christoffer starta underskriftaksjon.

Publisert av: Herøynytt,  fredag 30. juli 2010



Reiar Åge Remøy overrekte ein sjekk på 94.000 kroner som dei tilsette i Rem Offshore har samla inn. No er tilsette i tre andre reiarlag i gong med å sykle til inntekt for innsamlinga.

Denne veka var Christoffer Remøy Endresen i mål med sin ekstreme sykkeltur Norge rundt til inntekt for kreftsaka.

Men 19-åringen Christoffer har tydeleg ikkje tenkt å kvile på laurbæra etter i ha sykla nær 5500 kilometer i løpet av 40 dagar. Målet er å samle inn ein million kroner innan aksjonen vert avslutta.

Meir statlege midlar
No har han starta underskriftaksjon for at den norske staten skal løyve meir pengar til kreftforsking.

- Kreftforeininga står for 75 % av midlane som blir gitt til kreftforsking i Norge. I tillegg er det andre organisasjonar som gir, noko som betyr at Staten gir under 20 %, skriv Christoffer på nettstaden http://www.norgerundt.com/.

Kampanjen starta dagen etter han kom i mål på sykkelturen, og vil i starten skje føre seg på internett.

- Er det ikkje slike ting oljefondet er til for? Uansett vil forsking føre til betre behandlingsmetodar og/eller ein kur. Det vil føre til at sjukehusutgiftene blir lågare, noko som vil lønne seg på sikt, argumenterar Christoffer.

(Artikkelen held fram under bilete)

1.styrmann Elin Askvik frå Ostereidet i Nordhordland og matros Odd Egil Sunde frå Elnesvågen om bord Olympic Princess. Dei tilsette om bord på fartøya til reiarlaget er i desse dagar i full sving med å sykle til støttte for kreftsaka. Foto: Kristian Økland

Reiarlag tok utfordringa 

Innsamlinga til Den norske kreftforeningen er langt frå over enno. Då syklisten kom i mål onsdag, fekk han overrekt ein sjekk frå Åge Remøy på 94.000 kroner, som dei tilsette i Rem Offshore hadde samla inn.

Og i dagane framover er det dei tilsette i Olympic Shipping, Havila Shipping og Bourbon Offshore som trakkar til for kreftsaka. Dei to sistnemnde reiarlaget har teke i mot utfordringa frå Olympic om å gi ei krone for kvar kilometer dei tilsette syklar - inntil 20.000 kroner.

- Det er eit flott tiltak Christoffer har sett i gong, som vi gjerne vil støtte. Samstundes slår vi to fluger i ein smekk ved å mannskapet held seg i form, fortel assisterende mannskapssjef Per Kristian Frøysa i Olympic.

- Verdt det

Det er ingen tvil om at arbeidet på moderne båtar kan vere stillesittjande for ein del av mannskapet. Men om bord er det etter kvart vorte godt utstyrt trimrom, i tillegg til at det finst tilgong på syklar som kan nyttast ved opphald på land.

-  Sjølv om det ofte kan vere eit tiltak å ofre søvn for sykling, så er det alltid verdt det. Og stort sett alle om bord nyttar seg av syklane, fortel Elin Askvik om bord på MV Olympic Princess.

Og no har dei tilsette enno ein grunn til å sette seg på sykkelsetene og trakke til.

PS ! I tillegg er det i gong ein auksjon av den spesialdesigna sykkelen Christoffer nytta på turen. Auksjonen vert heldt på nettstaden http://www.qxl.no/pris/sport-fritid/sykkel/racersykler/sykkel-fra-norge-rundt-for-kreftsaka/v/an613705966/ls2/– og fredag var bodet oppe i 21.000 kroner. Auksjonen vert avslutta sundag.




Tips ein bekjent om denne saka:
Til:    Frå:   

« Tilbake


MEININGSMÅLING

Ingen aktive meiningsmålingar.

ANNONSER




     
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.

Kontoradresse: Holmsildgata 1, 6090 Fosnavåg
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg

Utgjevarselskap: Herøynytt AS