![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Ny diesellekkasje ved Marine Harvest Sist måtte 30.000 laks rensast for diesel.
Politiet har fredag fått melding om diesellekkasje ved Marine Harvest sitt produksjonsanlegg på Eggesbønes. Brannvesenet arbeider no på staden for å få klarheit i omfanget av lekkasjen, opplyser politiet til smp.no. - Vi har fått ein del meldingar om dette før. Dette er ein skrekk og gru-situasjon for dei som driv med matfisk, seier Harang. Etter eit utslepp i februar måtte 30.000 laks rensast for diesel. Siden det både er bunkersanlegg og stor båttrafikk i området er det førebels ikkje mogleg å slå fast kor utsleppet stammar frå. - Det skal lite til. Det kan for eksempel vere at nokon har gått frå trykkpumpa under fylling, og at det har spruta rett i sjøen, seier Harang. « Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
ANNONSER |
||||
![]() |
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.
Kontoradresse: Holmsildgata 1, 6090 Fosnavåg
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg
Utgjevarselskap: Herøynytt AS
|