Kontakt oss

Kulturkalender

Nettkatalog

Skipstrafikken

Nettkamera

Veret


AKTUELT

Kultur
Maritimt nytt
Meiningar
Nyhende
Politikk
Reportasjer
Sport
Annonsetorget
Finn artikkel:
TENESTER

Fotoarkiv
Kulturkalender
Lenker
Nettkamera
Om Her�y
Skipstrafikken
Veret
MARITIMT

Fiskesalslag
Nyhende
Skipsliste
Skipstrafikk
HERØYNYTT

Annonsering
Kontakt oss
Ledig stilling
Om Herøynytt
Opphavsrett
Tips oss

MEININGSMÅLING

Skal du feire 17. mai?
Ja
Nei
Svar til no: 231
Ja: 70.56%
Nei: 29.44%

Marknadsstemning på Herøy Gard

I ein travel kvardag, er det ei utruleg flott avkobling å få kome til Herøy Gard for nokre avslappande timar i ei spanande atmosfære.

John Birger Våge,  mandag 12. september 2011


- Nesten fire hundre betalande besøkande kan leiar i museumsstyret, Tor Sindre Steinsvik, fortelje om til Herøynytt. I tillegg kjem alle borna som er under sju år. Med slike besøkstal seier det seg sjølv at parkeringssituasjonen vart noko vanskeleg på staden, det kan underteikna konstatere.

Tidleg denne sundagen regna det, men sola kom fram i det marknaden skulle opne i 12-tida. Tema for dagen var ”Løynde skattar. Spor i landskapet.” Når ein går over brua til sjølve Herøy Gard vert stemninga til å ta og føle på. Vel inne i hovudhuset er det masse fint handarbeid å sjå. Når Herøynytt var på staden, var det spesielt stor samanstimling rundt bunadar i andre etasje.

Foto: John Birger Våge
Praten sat laust ved plassen som var avsett for bunadar. 

Det var fleire barnefamiliar å spore på staden og det var godt med folk gjennom heile dagen. Hus og naust var fylt med broderi, bakst, bunadssaum, snordreiing til smiing, garnbinding, seglmaking, båtbygging og mykje meir.

Foto: John Birger Våge
Odd Brune(t.v) frå Ulsteinvik syner sine produkt for museumsstyrar Håvard Hatløy.



Tips ein bekjent om denne saka:
Til:    Frå:

« Tilbake



ANNONSER




     
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.
Konstituert redaktør er Anne Gry Eilertsen.

Utgjevarselskap: Herøynytt AS
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg