|
Fosnavaag Shipping kontraherer brønnbåt Fosnavaag Shipping skal bygge ny brønnbåt med opsjon levering av ein til. Selskapet har valt eit Havyard-design som vert karakterisert som framtidas brønnbåt.
Fosnavaag Shipping har frå før brønnbåtane "Viktoria Viking" (1000 m3), "Viktoria Lady" (1000 m3) og "Gripfisk" (600 m3) i tillegg til reketrålaren Remøy og kystvaktskipet KV Aalesund. Selskapet, som starta opp i 2006, har 70 ansatte derav fire i administrasjonen. Dagleg leiar i Fosnavaag Shipping, Olav Remøy, er svært nøgd med at dei no har landa på eit valg av design og har stor tru på at tida no er inne for å satse på eit nybygg. Designet er basert på dei erfaringane reiearlaget har med sine tre andre brønnbåtar, og både reiar og designselskapet er overtydd om at dette er framtidas brønnbåt med eit heilt nytt og unikt tanksystem som reiarlaget sjølve har vore med på å utvikle. Nytt Tanksystem – Brønnbåt-bransjen har vore ei spanande bransje å gå inn i, og vi har stor tru på at det også er ei bransje med gode framtidsutsikter. Det siste halvanna året har vi vurdert mogelegheitene til å byggje ein ny brønnbåt, og vi har brukt mykje tid på å utvikle det rette designet og velge dei beste løysingane sidan vi meiner at det har vore betydelige forbetringspotensiale på dette området, fortel Remøy som understrekar at hovedfokusen har vore på kvalitet og ikkje storleik og kapasitet. - Sjølv om det er ein båt med stor kapasitet vi no skal byggje så har vi vore langt meir opptekne av kvalitet enn av mest mogeleg fisk og kapasitet. Men det nye systemet "Live Fish Circular Well System" gjer at kvaliteten på vatnet vert svært god og ivaretar kvaliteten og velferden for fisken på en utmerket måte. Systemet vil også gjere det mulig og gå med høgare fisketettleik i brønnane om det skulle verte aktuelt i framtida, men det største fortrinnet i dag er unik vannkvalitet og langt lavere dødelighet i forhold til konvensjonelle system. Systemet er ei vidareutvikling av systemet vi har om bord i «Viktoria Lady» som hittil er det einaste fartøyet som er bygd med sirkulære tanker, seier Olav Remøy. Set ein ny standard Seniordesignar ved Havyard Design & Engineering (HDE) i Fosnavåg, Kjetil Myren, opplyser at Havyard 587 foreløpig er det største i ein serie brønnbåt-design som er utvikla i tett samarbeid med Fosnavaag Shipping. Fartøyet har tre store sylindertankar for levande fisk med ein kapasitet på heile 3250 kubikkmeter. Skipet er nesten 85 meter langt og har plass til eit mannskap på 12 personar. - Havyard 587 vil innehalde det ypperste innan brønnbåtteknologi som vil setje ein ny standard for skånsom og miljøvenleg transport og behandling av levande fisk. Dei sylindriske lastetankane, og det effektive filter- og vannbehandlingssutstyret, gjer det mogeleg med lukka transport over lengre avstandar og med større fisketettleik, opplyser seniordesignaren som også understrekar at skroglinjene og framdriftsmaskeneriet er utforma for høg toppfart og driftsøkonomisk normalfart, fortel seniordesignaren. Olav Remøy i Fosnavaag Shipping opplyser at ein no vil innlede sluttforhandlinger med eit verft med tanke på sjølve bygginga av brønnbåtane. Det er lagt opp til ei levering av skipet i løpet av januar 2014 med opsjon på levering av nok eit skip seks månadar seinare. Prisen for fartøyet er estimert til NOK 250 millioner. Fakta Havyard 587 Lengde: 84,6 m Bredde: 16,9 m Kapasitet: Tre sylindertanker på totalt 3250 kubikk Hovedmaskin: 3000 kW Mannskap: 12 personer « Tilbake |
|
ANNONSER |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
![]() |
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.
Konstituert redaktør er Anne Gry Eilertsen.
Utgjevarselskap: Herøynytt AS
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg
|