|
Stort engasjement under miljøkurs på Runde
30 deltok på kurset ”Ren kyst!”, som den internasjonale natur- og miljøvernorganisasjonen WWF arrangerte saman med Norlense ved Runde Miljøsenter i helga.
|
Herøynytt, tirsdag 14. august 2012
|
 Kurset "Ren kyst" vart arrangert av den internasjonale miljøvernorganisasjonen WWF og Norlense ved Runde Miljøsenter.
- Grunnen til at eg melde meg på kurset er fordi eg ønskjer å kunne bidra i ein nødsituasjon. Eg er dessutan interessert i å lære korleis olje påverkar levande organismar i naturen. Kurset har vore veldig spennande og lærerikt. Dette er kunnskap eg gjerne vil formidle vidare til folk eg kjenner, fortel Ida Johnsen frå Kolbotn.
- Det er så givande å få jobbe saman med frivillige, då dei er så engasjerte, fortel Ida Ulseth, prosjektleiar for ”Ren kyst!”.
Viktig kunnskapsformidling Hensikta med kurset ”Ren kyst!”, som er gratis for deltakarane, er å lære opp frivillige i korleis dei kan bidra i oppryddingsarbeid dersom eit oljeutslepp skulle ramme kysten vår. Sjansane for at denne typen ulykker vil inntreffe aukar ettersom skipsfart - som er hovudårsaka til oljesøl - blir spådd å få årleg vekst på 16 prosent fram til 2025. Det er Det Norske Veritas (DNV) som har utarbeidd prognosane.
Ei ulykke kan ramme hardt Forliset av det koreanske malmskipet Arisan ved Geitmaren knapt to sjømil vest for Runde i januar 1992 fekk oss til å grøsse; kva ville blitt utfallet dersom dette var ein oljetankar? - Oljeutslepp kan få enorme konsekvensar for fleire artar og økosystem langs kysten vår. Tilgrisa strender, døde sjøfugl, oljeflak på fiskefelta og oljesøl i laksemerdene er ikkje til å unngå dersom det først skulle gå gale, seier fagsjef Arild Skedsmo ved WWF Norge.
Frivillig innsats avgjerande Skedsmo viser til statistikkar utarbeidd etter denne typen ulykker når han legg til at mindre enn 20 prosent av oljen blir fjerna ved kjelda. - Når oljen først har havna i fjøra, er det mangel på mannskap som hindrar ei effektiv opprydding. Innsatsen frå frivillige er eit viktig bidrag til vår nasjonale beredskap, istemmer prosjektleiar Ulseth. Ho hevdar at risikoen for oljeulykker langs norskekysten berre vil auke i åra framover: - Gjennomsnittleg inntreff ei oljeulykke annakvart år. At vi snart har ein ny båt duppande i fjørasteinane er det liten tvil om.
Runde spesielt sårbar - Det at vi valde å halde kurset ”Ren Kyst!” på Runde var ikkje tilfeldig. Skulle det inntreffe eit oljeutslepp her, kan det medføre dramatiske konsekvensar for fuglelivet på øya, som er unikt. WWF-rapportar frå tidlegare forlis - slik som med Prestige utanfor Spania, Deep Water Horizon i Mexicogolfen og Exxon Valdes ved Alaska-kysten - viser at oljeutslepp av slike dimensjonar gjer uboteleg skade, seier fagsjef Arild Skedsmo i WWF Norge.
Har passert 500 frivillige Kurset ”Ren Kyst!” som vart halde ved Runde Miljøsenter i helga, formidla gjennom teori og praksis - mellom anna ved å utføre realistiske øvingar knytt til vasking av oljesøl - korleis frivillige kan hjelpe til dersom våre nærområde skulle bli råka av oljeureining. Etter gjennomføringa av kurset på Runde - som var den 23. ”Ren kyst!”-samlinga som har blitt arrangert her til lands - er dryge 500 nordmenn kvalifisert til å bidra i denne typen frivillig hjelpearbeid.
« Tilbake
|
|
ANNONSER
|