Kontakt oss

Kulturkalender

Nettkatalog

Skipstrafikken

Nettkamera

Veret


AKTUELT

Kultur
Maritimt nytt
Meiningar
Nyhende
Politikk
Reportasjer
Sport
Annonsetorget
Finn artikkel:
TENESTER

Fotoarkiv
Kulturkalender
Lenker
Nettkamera
Om Her�y
Skipstrafikken
Veret
MARITIMT

Fiskesalslag
Nyhende
Skipsliste
Skipstrafikk
HERØYNYTT

Annonsering
Kontakt oss
Ledig stilling
Om Herøynytt
Opphavsrett
Tips oss

MEININGSMÅLING

Bør turistinformasjonen på Runde finansierast av kommunen?
Ja
Nei
Svar til no: 482
Ja: 56.64%
Nei: 43.36%

Pilfletting eit handverk med lange tradisjonar

I helga finn ein ny handverkar vegen til kunstnarbustaden i Bakketunet på Bjørke.

Herøynytt,  onsdag 15. august 2012




Søndag vil Klara Pil syne fram eigenproduserte pilkorger og anna flett i kammerset, og laurdag vil ho halde kurs i teknikken.

Dama heiter eigentleg Liss-Mona Wamer-Pettersen, og kjem frå Farsund og bur på Lyefjell på Bryne. Pilfettinga starta ho med i 2001, og vart etter kvart så lidenskapleg oppteken av pil at gode vener gav henne tilnamnet Klara Pil. For nokre år sidan slutta ho som sjukepleiar, og har sidan då levd av pilfletting. I dag er ho eit kjent namn i norsk hagemiljø.

Pilfletting er eit handverk med lange tradisjonar. Frå gamalt av var teknikken brukt til å lage korger og emballasje til oppbevaring og frakt. I Danmark overlevde tradisjonen, og vart teken med til Noreg av driftige damer tidleg på 2000-talet. -No flettar vi av pil både for at det gir oss praktiske korger og til dekorelement i blant anna hagen. Dessutan ligg det stor skaparglede i det å kunne handverket, meiner Klara Pil som ser fram til turen til Sunnmøre.

Hovudutstillinga med grafikk og maleri av Tor Arne Moen er å sjå i tunet t.o.m. 26. august. I utekjøkkenet ved kunstnarbustaden er det sal av rømmegraut, og i røykstova kan ein nyte sommarlege kaker og ein kopp kaffi.




Tips ein bekjent om denne saka:
Til:    Frå:

« Tilbake



ANNONSER




     
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.
Konstituert redaktør er Anne Gry Eilertsen.

Utgjevarselskap: Herøynytt AS
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg