Kontakt oss

Kulturkalender

Nettkatalog

Skipstrafikken

Nettkamera

Veret


AKTUELT

Kultur
Maritimt nytt
Meiningar
Nyhende
Politikk
Reportasjer
Sport
Annonsetorget
Finn artikkel:
TENESTER

Fotoarkiv
Kulturkalender
Lenker
Nettkamera
Om Her�y
Skipstrafikken
Veret
MARITIMT

Fiskesalslag
Nyhende
Skipsliste
Skipstrafikk
HERØYNYTT

Annonsering
Kontakt oss
Ledig stilling
Om Herøynytt
Opphavsrett
Tips oss

MEININGSMÅLING

Skal du feire 17. mai?
Ja
Nei
Svar til no: 247
Ja: 69.64%
Nei: 30.36%

Lokaloppgjer i kveld

Larsnes/Gursken FK spelar borte mot Hareid.

Herøynytt,  fredag 17. august 2012


Oskar Gunnarstein mot SIF i fjor.

Laga har aldri tidlegare møtt kvarandre til seriekamp på Hareid stadion. Etter at a-laga til Gursken og Larsnes slo seg saman i 2003 har dei møtt Hareid tre gonger. Hareid vann 5-1 i ein treningskamp på Høddvoll-kunstgraset i 2006 og 5-3 i ein treningskamp på Hareid i 2010. Då laga møtte kvarandre i 3.-divisjon 1. mai enda kampen 2-2.

For Hareid sin del står Tore Johan Ytre-Hauge over med fem gule kort. Joachim Røyset har reist til Oslo for å studere. Ole André Kragset og André Egset Nupen er heller ikkje med denne gongen.

Når det gjeld LGFK har Andreas Rekdal nyleg meldt seg inn i Hødd. Anders Vaagen er framleis skadd.

Ut frå tabellposisjon og form er nok LGFK ganske klare favorittar denne kampen. Dei har vunne tre strake kampar etter ferien og har plassert seg som nummer åtte i avdelinga. Hareid ligg framleis sist med ein mager fangst på seks poeng totalt.

Hareids påmelde tropp: Vagn Scheide Mork, Marius Rise, Joar Møller, Audun K. Øvrelid, Martin Mork Breivik, Ola Kalvø Vattøy, Lars Andreas Dahlen Folkestad, Thor-Ove Brekke, Kim-Tore Husøy, Georg Eikrem Olsen, Ronny Jørgensen, Thanusan Tharumalingam, Eiliv-Tore Howlid, Einar Orten Trovåg, Fredrik Andresen, Christer Adrian Mork, Venthan Ketheeswaran.

LGFKs påmelde tropp: Kjell E. Johansen Fure, Vegard Støylen, Jørn Olsen, Leiv Sindre Muren, Tor Arne Voldsund Dyrhol, Oskar H. Gunnarstein, Alf Marius Ø. Grønnevik, Christoffer B. Rekdal, Johnny Moltubakk, Stian Ristesund, Robert Auflem Vik, Henrik Rekdal Eidheim, Thomas Sætre Hauge, Preben Alexander Sætre, Karl Bringsvor, Eivind Michael Myklebust, Oddbjørn Molvik.

*

Bergsøy spelar i kveld heimekamp mot Skarbøvik IF. Dagens gjester leiar 3.-divisjon fem poeng framfor Herd. Men å møte topplag på heimebane har Bergsøy takla fint før. For to veker sidan vann Bergsøy 2-1 heime mot dåverande avdelingsleiar Herd, og det trass i at vertane spelte med ti mann i éin omgang.

For Bergsøy sin del står keeper Nerius Marcinkevicius over med karantene. Sander Håskjold Nyland er tilbake i buret. Kjetil Steinsvik Paulsen har flytta til Oslo, men er med i kveld. Aleksander Dahle er tilbake etter karantene. Fredrik Muren har reist til USA.

Med sine 20 pinnar ligg Bergsøy fire poeng over nedrykksstreken. Sist runde vart det 4-3 tap på Averøya. Også då måtte Bergsøy fullføre kampen med ti mann. 




Tips ein bekjent om denne saka:
Til:    Frå:

« Tilbake



ANNONSER




     
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.
Konstituert redaktør er Anne Gry Eilertsen.

Utgjevarselskap: Herøynytt AS
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg