Kontakt oss

Kulturkalender

Nettkatalog

Skipstrafikken

Nettkamera

Veret


AKTUELT

Kultur
Maritimt nytt
Meiningar
Nyhende
Politikk
Reportasjer
Sport
Annonsetorget
Finn artikkel:
TENESTER

Fotoarkiv
Kulturkalender
Lenker
Nettkamera
Om Her�y
Skipstrafikken
Veret
MARITIMT

Fiskesalslag
Nyhende
Skipsliste
Skipstrafikk
HERØYNYTT

Annonsering
Kontakt oss
Ledig stilling
Om Herøynytt
Opphavsrett
Tips oss

MEININGSMÅLING

Bør turistinformasjonen på Runde finansierast av kommunen?
Ja
Nei
Svar til no: 461
Ja: 56.83%
Nei: 43.17%

Skattar like mykje som Molde

Så langt i år er det kravd inn like mykje skatt i Ulstein og Herøy tilsaman som i Molde by.

Leiv Arne Grimstad,  tirsdag 21. august 2012



Det er kravd inn like mykje skatt i Herøy og Ulstein som i Molde i dei sju første månadene i år.

I løpet av dei sju første månadene av 2012 vart det kravt inn over 2 milliardar kroner i skatt i dei to kommunane Ulstein og Herøy til saman.

Det betyr at økonomien i dei to kommunane, målt utifrå skatteinngangen frå bedrifter og lønsmottakarar, samla sett er like stor som i Molde kommune. Skatteinnkrevjinga i Ulstein kommune er den største mellom Bergensområdet og Ålesund.

Rekneskapsoversynet som Statistisk Sentralbyrå no har lagt ut pr. juli 2012, viser elles at skatteinnkrevjinga i Sande er like stor som i Vanylven – trass i at Sande har langt færre innbyggarar.

Med unntak for Vanylven kan alle kommunane på Søre Sunnmøre gle seg over auke i skatteinngangsvolumet. I prosent er auken størst i Sande (+ 18 %), Herøy (+ 15,7 %) og Hareid (+ 12,9 %).

Når det gjeld skatt til eigen bruk, kjem Sande best ut med ein auke på 19,1 prosent. Deretter har Herøy + 11,2 prosent , Hareid + 7,8 prosent, Volda + 6,5 prosent, Ørsta + 4,8 prosent, Ulstein + 4,6 prosent og Vanylven + 2,8 prosent.

Innkravd skatt i dei sju kommunane pr. juli 2012 var:
Ulstein 1.065,400
Herøy 958.200
Ørsta 692.300
Volda 521.900
Hareid 318,4
Vanylven 188,1
Sande 188,0





Tips ein bekjent om denne saka:
Til:    Frå:

« Tilbake



ANNONSER




     
Herøynytt er ei uavhengig nettavis for Herøy.
Konstituert redaktør er Anne Gry Eilertsen.

Utgjevarselskap: Herøynytt AS
Postadresse: Postboks 187, 6099 Fosnavåg